Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er våronn?

Våronn er arbeidsoperasjonane vi gjer på jorda når våren kjem, som starten på ein ny vekstsesong.
Traktor som køyrer med harv på eit jorde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Våronna startar på varierande tidspunkt, og tidspunktet kjem an på vêr og temperatur. Når våronna startar, vil derfor variere frå år til år og etter kvar i landet ein bur.

Våronn er det bonden gjer i starten av kvar ny sesong. Vi omarbeider jorda (dette blir kalla jordarbeiding) og gjer ho klar for dei nye vekstane som skal dyrkast. Kva slags jordarbeiding vi gjer, kjem an på tilstanden til jorda, kva som vart dyrka på jordet året før, og kva slags vekstar vi skal ha den nye sesongen.

Alt vi gjer på jordet om våren, frå jordarbeiding til den nye veksten er i jorda, inngår i våronna. For at plantane vi skal dyrke, skal få så lang vekstsesong som mogleg, er det viktig å starte våronna tidlegast mogleg. Likevel må vi passe på at vi ikkje startar for tidleg, då dette kan ha negative konsekvensar, både for jorda, plantane og resultatet av det vi gjer. Vi seier vi kan byrje å køyre på jorda når jorda er "lagleg".

At jorda er lagleg betyr at ho er tørr nok og varm nok til at vi kan køyre på ho. Køyrer vi ut på jordet mens jorda er for våt, får vi ikkje ønskt resultat av jordarbeidinga, og vi risikerer å lage køyreskadar/pakkskadar i jorda. Viss temperaturen i jorda er for låg, vil ikkje det vi sår, byrje å spire, og vi risikerer at frøa rotnar eller blir etne av fuglar før dei får starta veksten.

Køyreskadar og erosjon

Køyrespor på eit jorde. Det står vain i spora. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

At ein får køyreskadar/pakkskadar i jorda, betyr at ein pakkar saman jorda når ein køyrer på ho. Dette gjer at strukturen i jorda blir øydelagt fordi ein øydelegg luftgangane/luftporene i jorda, og jorda blir tettpakka. Tettpakka jord gjer det vanskelegare for planterøtene å vekse. Det gjer òg at jordlivet trivst dårlegare på grunn av mindre tilgang på luft, og det gjer at jorda drenerer vatn dårlegare, fordi gongene vatnet vanlegvis ville runne bort i, blir tetta. Vatnet kan ikkje renne unna gjennom jorda, men blir heller liggande i overflata. Då risikerer vi at vatnet heller renn oppå jorda og vaskar vekk det øvste matjordlaget og viktige næringsstoff. Dette blir kalla erosjon/avrenning.

Gangen i våronna

Det er fleire faktorar som speler inn på kva vi gjer på jordet under våronna. Likevel vil mange av plantane vi dyrkar, krevje mykje av dei same førebuingane. Vidare skal vi sjå litt på gangen i våronna og kva utstyr som blir brukt. Dette vil vere eit typisk døme i til dømes kornproduksjon.

Våronn startar som regel med jordarbeiding. Formålet med all jordarbeiding er å betre spire- og vekstforholda for plantane vi skal dyrke. Jordarbeiding vil seie å omarbeide og blande det øvste jordlaget til eit godt så- og rotbed for plantane. Med gode røter i god jord kan plantene vi dyrkar, få balansert tilgang på vatn og næring, noko dei treng for å vekse. Rett val av metode for å omarbeide jorda kan betre jordstrukturen, gi betre nedbryting av planterestar i jorda og redusere mengda av skadegjerarar/ugras.

Det finst mange jordarbeidingsmetodar, og vi må velje metode etter forhold og behov. Rett utført jordarbeiding gir plantane best moglege vilkår for å spire og vekse og til å konkurrere med ugras om vatn, lys og næring.

Det er som sagt viktig at jorda er lagleg før vi startar. Vi vel metodar og tidspunkt for jordarbeidinga ut frå jordart, utforminga på jordet, ugrastilstand, kva som vart dyrka året før, og behova til kulturvekstane (plantane vi skal dyrke). Ved alle former for jordarbeiding er det viktig å hindre erosjon og avrenning av næringsstoff.

Døme på ei fullstendig jordarbeiding

  • pløye for å snu jorda

  • slodde for å jamne ut og blande plogforene/pløgsla

  • harve for å smuldre jorda til passande storleikar

  • plukke stein viss det er nødvendig

  • så den kulturveksten du skal dyrke

  • tromle for å gi frøet den jordkontakten det treng for å spire

Ei fullstendig jordarbeiding er tidkrevjande, kostnadskrevjande og utstyrskrevjande. Nokre av arbeidsoppgåvene er ikkje nødvendige å utføre, sidan det kjem an på kva vekstar du skal dyrke, jordart og kva som var på jordet førre år.

CC BY-SASkrive av Helle M.S. Johannessen.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2022

Læringsressursar

Våronn