Hopp til innhald

Fagstoff

Såing, planting og setting

Når jordarbeidinga er ferdig, står såinga for tur. For såing bør jordtemperaturen ha komme opp i minimum 5 grader for at frøa skal byrje å spire etter at dei har komme i jorda.
Raud kombisåmaskin på eit jorde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle kulturvekstar som blir lagde som frø i jorda, blir sådde. Typiske døme er korn og gras. Andre kulturvekstar blir planta ut etter at dei har komme eit stykke på veg i spiringa. Dette gjeld mange av grønsakene vi produserer. Poteter er eit døme på ein knollvekst som blir lagd djupt i jorda med ein spesialisert reiskap (potetsetjar). Vi seier då at vi set kulturveksten.

Såkorn med ein raudfarge fordi det er beisa. Foto.

Både korn og gras blir sådd med såmaskiner som legg frøa på rekke, ned på ønskt djupne i jorda. Dette kallar vi radsåing. Vi kan stille inn på såmaskina kor djupt frøet skal leggast, og det kjem an på kva slags type frø det er snakk om. Andre kulturvekstar som raps og åkerbønner blir òg sådde med såmaskiner.

Såmaskiner kjem i ei rekke ulike typar og storleikar. Ein kombisåmaskin blir slept etter traktoren og har to kammar. Eitt til såfrøet og eitt til gjødsel. Desse maskinene legg ut frø og gjødsel samtidig og sørger for at gjødsla ligg nær frøet og er lett tilgjengeleg for plantane tidleg i spiringa. I tillegg sparer ein seg for ein arbeidsoperasjon, ved at ein slepp å køyre over jordet med gjødselspreiar/sentrifugalspreiar etter såing.

Grasfrø kan òg breisåast. Det betyr at dei blir spreidde ut oppå bakken, til dømes med ei såmaskin som spreier dei utover, eller med sentrifugalspreiar (kunstgjødselspreiar). Då er det vanleg å harve frøa grunt ned etterpå.

Traktor som køyrer såmaskin på eit jorde

Tromling

Etter såing køyrer vi over jordet med ein trommel. Frø treng god jordkontakt og fukt for å spire. Ein trommel har som formål å pakke jorda litt tettare saman rundt frøet. Då kjem vatnet lettare til, og frøet spirer fortare og betre. Har ein mykje stein på jordet, kan ein plukke stein i samband med tromling.

CC BY-SASkrive av Helle M.S. Johannessen.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2022

Læringsressursar

Våronn