Hopp til innhald

Fagstoff

Slodding og harving

Etter pløying må jorda gjerast klar til plantane. Slodding jamnar ut jorda etter pløying, og harving er ein metode for å smuldre, jamne og blande jorda.

Slodding

Over er det bilete av traktor som sloddar eit jorde. Slodden er ein reiskap som jamnar ut plogforene/pløgsla og smuldrar opp større jordklumpar. For å få god oppsmuldring må jorda vere tørr og lagleg nok. Viss det er mykje stein i jorda, kan det vere nødvendig å plukke/fjerne stein etter slodding. Ei jamn jordoverflate, utan stein som stikk opp, er ein stor fordel når vi skal hauste inn det vi dyrkar på jordet.

Traktor køyrer ein slodd på eit pløgd jorde

Harving

Traktor som køyrer ein harv på eit jorde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Harva smuldrar, jamnar og blandar jorda før kulturplantane blir sådde eller planta. Harva blir òg brukt til ugrasbekjemping og til innblanding av gjødsel, frø og planterestar i jorda. I jord med mykje stein er det vanleg å fjerne stein (maskinelt eller for hand) før, under og eventuelt etter harving. Det finst fleire ulike typar harvar, med ulik funksjon og formål, som tindeharv, skålharv og fingerharv. Kva ein bruker, avheng av kva formålet med harvinga er.

Det blir òg meir og meir vanleg å ha harvar med sloddeplank. Dette er ei rad som sit framme på harva og gjer mykje av den same jobben som ein slodd ville gjort. Slik kan vi eventuelt la vere å slodde mellom pløying og harving og dermed spare ein arbeidsoperasjon.

Traktor som køyrer harv på eit jorde

CC BY-SASkrive av Helle M.S. Johannessen.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2022

Læringsressursar

Våronn