Hopp til innhald

Fagstoff

Pløying

Plogen skjer, smuldrar og snur det øvste jordlaget på 15–25 cm opp ned. Ein plog kan ha varierande tal på skjer. Jo fleire skjer plogen har, jo breiare pløyer du av gongen, og jo fortare går pløyinga, men det krev òg meir trekkraft (større traktor).

Plogen

Plogen er ein viktig reiskap på garden. I denne filmen kan du lære korleis ein plog er bygd opp, og korleis sjølve pløyinga går føre seg.

Vendeplog

Ein vendeplog har skjer på begge sider slik at han kan vendast på enden av jordet, og ein kan køyre fram og tilbake i motsett retning, men likevel vende jorda same veg.

Plog med tre skjar som er monterte på ein traktor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teigplog

Alternativet til vendeplog er teigplog. Han har skjer berre på ei side og krev derfor at ein planlegg køyremønsteret på jordet på ein annan måte.

Pløyedjupne

Vanleg pløyedjupne er cirka 20 cm. Ei djupare pløying (ned til 25 cm) kan vere nyttig for å kjempe mot ugras, for å prøve å løyse opp i tidlegare pakkskadar eller viss du skal dyrke til dømes poteter, som trivst i eit djupt og laust jordlag. For korn og gras kan cirka 15 cm pløyedjupne vere nok.

På eine delen av biletet er jorda pløgd. På den andre delen er det restar etter kulturvekstar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tidspunkt for pløying

Ved dyrking av eittårige vekstar (til dømes korn) er det vanleg å pløye om våren, som starten på våronna, eller rett etter at kornet er hausta om hausten. Faren ved å pløye om hausten er at jorda blir liggande "naken" (altså utan plantedekke) gjennom vinteren, noko som gir auka fare for erosjon og avrenning.

Eit jorde der vatn har runne over jorda og drege med seg jord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Erosjon betyr at vatnet grev i jordmassane og flyttar på jorda. Avrenning fører til at vatnet vaskar ut næringsstoff frå jorda, og dette kan renne vidare ut i vassdrag og bidra til overgjødsling av ferskvatn og hav. Fordelen kan vere at du får eit forsprang på våronna når våren kjem, fordi du allereie er ferdig med den første arbeidsoppgåva.

CC BY-SASkrive av Helle M.S. Johannessen.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2022

Læringsressursar

Våronn