Hopp til innhald

Fôring av mjølkeku

Ei mjølkeku er ei ku som har fått den første kalven sin og har begynt å produsere mjølk. Fôrbehovet til kyrne varierer mykje gjennom laktasjonen, og det er knytt til alder, kroppsstorleik og mjølkemengde. Både fôrmengda og kvaliteten på fôret har mykje å seie for trivselen og velferda til kyrne.