Hopp til innhald

Produksjon og tenesteyting (NA-LGA vg2) – ferdig 2025

Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.

Småfe

Småfe er sau og geit. Saueproduksjon finn vi over nesten heile landet, mens det er mest geiter på Vestlandet og i Nordland og Troms. Vi har mange ulike sauerasar i Noreg, men den vanlegaste geiterasen er norsk mjølkegeit. Saueproduksjon gir oss ull og kjøtt. Av geitene får vi mjølk, kjøtt og skinn.

Sauehald

Vi har mange ulike sauerasar i Noreg, og i saueproduksjonen er det kjøtt og ull som skal gi bonden inntekter. Gjennom vinteren er dei fleste sauane inne i fjøset, men etter lamminga om våren og fram til hausten er dei ute på beite.

Lamming

I lamminga er det travelt å vere sauebonde! Det er normalt at søyene får frå eit til tre lam, og det er heller ikkje uvanleg med firlingar. Dei fleste søyene klarer fødselen sjølve, men det er viktig å ha god oversikt og følge med sånn at du kan hjelpe til viss ei søye får problem under fødselen.