Fôring av geit
Normfôring bygger på rettleiande råd om kor mykje fôr dyra treng i ulike periodar. Du bør bruke normfôring som utgangspunkt i all fôring, men det er viktig å justere fôringa etter haldet på dyra.
Som regel kan du rekne med at vedlikehaldsbehovet kan dekkast av normalt godt grovfôr. Resten må supplerast med kraftfôr eller andre energirike fôrmiddel.
Geita høyrer til ei mellomgruppe av drøvtyggarar. Ho har smal kjeft og kløyvd overleppe, noko som gjer at ho kan plukke energikonsentrert plantemateriale i langt større grad enn storfe. Vom- og tarminnhald går òg raskare gjennom kroppen hos geita enn hos storfe. Energiopptaket er høgt, og geita har i tillegg stor evne til å lagre og mobilisere kroppsfeitt.
Vi må ta omsyn til fleire faktorar ved når vi set fast energibehovet:
Vekst og utvikling
Når du skal finne ut kor mykje energi geitene treng, bør alderen til dyra, drektigheit, mjølkeproduksjon og aktivitet alltid ligge til grunn, sjølv om vedlikehaldsbehovet som regel kan dekkast av godt grovfôr.
Unggeiter bør til dømes ha cirka 0,1 FEm ekstra til tilvekst, mens geiter som er ute på beite, treng litt ekstra på grunn av auka aktivitet. Det er vanleg å rekne 15–20 prosent meir energi ved innmarksbeiting, og 30–40 prosent meir energi ved utmarksbeiting.
kg kroppsvekt | FEm/dag | gram AAT/dag |
---|---|---|
30 | 0,5 | 42 |
40 | 0,6 | 52 |
50 | 0,7 | 61 |
60 | 0,8 | 70 |
70 | 0,9 | 79 |
Drektigheit
Førebuingsfôring, opptrapping etter kjeing og overgangsfôring
Vommikrobane treng tilvenning til nye fôrslag, derfor er det viktig med ein gradvis overgang til nye fôrslag. 1–2 veker tilvenning er det ideelle.
I starten av drektigheitsperioden er det som regel ikkje nødvendig å gi geitene ekstra fôr, men etter kvart som fosteret veks, vil behovet auke. Fôrbehovet varierer med 0,1–0,3 FEm ekstra avhengig av drektigheitstid, og tilrådd auke ser du i tabellen under.
talet på veker før kjeing | FEm/dag | gram AAT/dag |
---|---|---|
8–3 | 0,15 | 20 |
3–0 | 0,35 | 40 |
Mjølkeproduksjon
Ved fôrskifte i samband med kjeing er det veldig viktig at dyra får god tid til å venne seg til nye fôrslag. Ved kjeing tilrår vi at dagleg kraftfôrmengde bør vere 0,4–0,5 kg. Start opptrapping frå andre dag etter kjeing, og auk så med 0,1 kg kvar tredje dag. Bruk nok tid på opptrappinga. Viss du aukar for raskt, kan det resultere i at dyra blir matleie, og dei kan få diaré. Ved diaré blir det stans i mjølkeproduksjon og fôropptak.
Høglaktasjon
Det er ikkje tilrådd med kraftfôrtak frå kjeing og 5 månader ut i laktasjonen. Du må vurdere fortløpande om geita tek opp alt kraftfôret, og om mjølkeproduksjonen står i stil med mengda kraftfôr du gir. Du kan heller vere noko strengare på kraftfôret i slutten av laktasjonen, bortsett frå ved vårkjeing og dersom mjølkeproduksjonen må haldast oppe etter innsett om hausten.
Det er vanleg med 8–10 månader laktasjonsperiode på geitene.
Normalt treng geita 0,4 FEm per kg mjølk. Aukande tørrstoffinnhald i mjølka vil krevje meir energi.
kg mjølk (EKM)/dag | FEm/kg mjølk (EKM) |
---|---|
1 | 0,44 |
2 | 0,45 |
3 | 0,46 |
4 | 0,47 |
5 | 0,48 |
6 | 0,49 |
Avlating og tørrperioden
Nokre geiter får eit dramatisk fall i mjølkemengda når drektigheita er eit faktum. Derfor kan du oppleve at enkelte individ sinar seg sjølve. Minimum lengde på tørrperioden er 60 dagar. Lengre tørrtid (cirka 70 dagar) kan vere gunstig dersom det er høge celletal i mjølka. Før avlating blir det tilrådd å ta ut enkeltspeneprøver av besetninga for å undersøke om det er bakteriefunn. Du bør i alle fall undersøke geiter som har over 1 million i celletal. Sintidsbehandling har varierande effekt, men kan vere nødvendig i nokre tilfelle.
Avlating gjer vi når dagleg mjølkemengde er under 1 liter, og det skjer ved at vi hoppar over eit mål. Vidare tømming av juret vil vere individuelt. Juret skal tømmast når geita har mjølkespreng. Denne mjølka skal ikkje leverast til meieriet, sidan ho er unormal.
Visste du at ...
Avlating og tørrtid er det same som avsining og sintid?
Film om uttak av speneprøve på ku (5:13)
Framgangsmåten for uttak av speneprøve er den same for geit som for ku.
Det er viktig at grovfôrressursane på garden blir utnytta, inkludert utmarksbeite. Geita er glad i urter, lauv og kratt og kan vere ein god beiteryddar i utmarka. Ved å bruke utmarksbeite får du i tillegg høve til å hauste meir av innmarka til vinterfôr. Fôrkonserveringa er viktig sidan geita er ganske kresen når det gjeld val av fôrmiddel. Samtidig er geita veldig sensitiv overfor fôringsrelaterte sjukdommar.
Høy og surfôr
Alt grovfôret må vere av god kvalitet og ha høgt næringsinnhald. Seint slått gras er lite eigna til geit fordi det er mykje grov struktur som geita ikkje liker, og då blir det mykje vraking. Det er heilt nødvendig at du sorterer bort skjemt fôr ved fôring av geit! Geitene blir sjuke viss fôret inneheld skadelege mikroorganismar, som til dømes mugg.
Potet og rotvekstar
Poteter og rotvekstar er gode og velsmakande fôrmiddel som er rike på lettfordøyelege karbohydrat. Du kan gi 1–1,5 kg per dyr per dag. Det er ein fordel å grovraspe poteter og rotvekstar før utfôring.
Lauvkratt
Geita er glad i lauv og kvistar. Du kan sanke lauv og kvistar om sommaren, bunte det saman og tørke det på låven. Dersom du har tid og høve til å gi slikt fôr i innefôringssesongen, er det eit fint supplement, både for å få variasjon i kosten og som tidtrøyte for geita.
Kraftfôr
Kraftfôrprodusentane har utvikla fôrblandingar tilpassa dyra i ulike livsfasar og produksjonsfasar. Her må du berre bruke det kraftfôrsortimentet som passar best til drifta og grovfôrkvaliteten din.
Vatn
Dyra skal alltid ha tilgang på nok friskt vatn. Vatnet skal vere synleg reint og ha god nok mikrobiologisk og kjemisk kvalitet. Vatnet skal vere lett tilgjengeleg slik at dyra drikk det dei har behov for. Snø, saltvatn og brakkvatn er ikkje drikkevatn til dyr.
Vitamin og mineral
Vaksne geiter som får mindre enn 0,5 kg kraftfôr per dag, bør få tilskot av vitamin og mineral. Det finst ulike blandingar på marknaden som er tilpassa geit, og du må følge tilrådingane som følger med, når du skal fôre.
Saltstein eller grovsalt
Geitene skal alltid ha tilgang til saltstein eller grovsalt, sjølv om dei får kraftfôr. Salt (NaCl) kan geitene sjølv regulere opptaket av etter kor mykje dei treng.
Vel rett alternativ.
Relatert innhald
Lær om det som skjer i fordøyingskanalen hos dei vaksne drøvtyggarane.
Kva er ein schalmtest, og korleis skal du gå fram for å ta ein speneprøve? Det får du svar på her.