Beiteperioden
Dagbeiting går ut på at dyra beiter berre på dagtid og er inne i fjøset om natta. Då må geitene beite meir intensivt i den tida dei har til rådvelde. Du kan òg kompensere med tilleggsfôring inne om natta. Denne beitetypen vil krevje meir kraftfôr i beitetida enn døgnbeiting.
Visste du at ...
Norske geiter i gjennomsnitt var på beite i 127 dagar i 2023? Det er over fire månader!
Døgnbeiting er beiting heile døgnet, og geitene er berre inne til mjølking morgon og kveld. Beiteaktiviteten er stor etter kveldsmjølking og tidleg om morgonen. Det er litt utfordrande å tilrå kraftfôrmengder på beite fordi du må vurdere laktasjonstidspunkt, vêrforhold, beitebelegg og kvaliteten på beitet. Store kraftfôrmengder før du slepper geitene på beite om våren vil redusere beiteopptaket. Dette må du ta omsyn til ved fordeling av rasjonen.
Nokre produsentar har geitene på seter om sommaren. Du kan få tilskot til setring ved å søke om Regionalt miljøtilskudd i jordbruket (RMP). For å få tilskot til drift av seter må du ha seterdrift i minimum fire veker og produsere minst 25 liter geitemjølk per døgn.
Tilskotssatsane er differensierte over og under seks vekers seterdrift. Det vil seie at du får større tilskot viss du driv setring meir enn seks veker, og mindre tilskot viss du er på setra mindre enn seks veker.
Gjerding
Når du har geiter, må du kontroll på kvar dei ferdast. Men det er ikkje alltid så lett, for geita er god til å komme seg ut av inngjerda område, noko som kan føre til konfliktar med naboar eller hytteeigarar. Det blir stilt strenge krav til bruk av både fysiske og virtuelle gjerde for å sikre dyrevelferda.
Lov om grannegjerde
Denne lova blir òg kalla gjerdelova, og her står det kva reglar som gjeld ved oppsett av gjerde. Det står mellom anna at gjerde ikkje skal vere til fare for folk og husdyr. Nokre av reglane kan vere vanskelege å tolke, og derfor ser vi ofte at det kan oppstå konfliktar om gjerdehald. Det finst òg lokale forskrifter om gjerding og gjerdehald, og slike må du sjekke før du set opp gjerdet ditt.
Fysiske gjerde
Fysiske gjerde kan vere nettinggjerde, tregjerde, steingjerde eller straumgjerde.
Virtuelle gjerde
Virtuelle eller digitale gjerde baserer seg på GPS-sporing av dyra. Ved bruk av digitale gjerde må dyra gå med ein klave som er kopla opp mot ein app på telefonen din. Du bruker appen til å legge inn grensene for beiteområdet, og når geitene nærmar seg yttergrensa, får dei ei åtvaring i form av eit lydsignal. Lydsignalet aukar i styrke dess nærare grensa geita går, og viss ho kryssar grensa, får ho ein straumstøyt.
Dyra lærer dette fort og skjønner at dei må snu når dei høyrer lydsignalet, for å unngå støyt.
Tilsyn
Når dyra beiter i utmarka, er det eit krav om at du har tilsyn med dei minst éin gong i veka, og oftare ved behov. Viss det oppstår hendingar som er til fare for helsa og velferda til dyra, må du vere førebudd på å rykke ut på kort varsel.
Tilleggsfôring
Geiter skal ha tilgang til saltstein gjennom heile beiteperioden. Viss det blir for lite beiteplanter, til dømes på grunn av for lite nedbør, må du òg sørge for tilleggsfôring med grovfôr.
Mjølking
Viss du har mjølkegeiter, må du mjølke geitene morgon og kveld òg når dei er på beite.
Kva fordelar og ulemper er det med dei ulike beitestrategiane?
Kva arbeidsoppgåver er det viktig å gjere før du startar beitesesongen?
Finn informasjon om kva for nokre virtuelle gjerde som finst på marknaden. Kor mange ulike firma finn du, og kva prisar opererer dei med?
Lag ei hugseliste over viktige arbeidsoppgåver du må gjere i beitesesongen.