Hopp til innhald
Fagartikkel

Faktorar som kan påverke fôropptaket

Når du skal planlegge fôringa, er det viktig å vite at fôropptaket varierer med både alderen og aktiviteten til geitene. Her har vi laga ei oversikt over nokre vanlege årsaker til at fôropptaket kan forandre seg.

Storleik, vekt og alder

Dette er dei viktigaste faktorane med omsyn til variasjon i fôropptak hos geita. Store geiter har eit høgare fôropptak enn små geiter på grunn av større kroppsmasse. Elles er det slik at spedkje og unggeiter krev litt meir konsentrert fôr enn eldre geiter. Dei treng rett og slett meir næringsstoff og energi for å vekse bra.

For kvar tiande kilo auka levandevekt kan ein berekne at opptaket av tørrstoff frå fôr aukar med 0,1 kg per dag.

Auka aktivitet under beiting

Berekn 15–20 prosent meir energi ved innmarksbeiting og 30–40 prosent meir energi ved utmarksbeiting, sidan geitene bevegar seg meir når dei beiter, enn når dei er i fjøset.

Brunst

Brunstperioden er ein stressande situasjon både for dei geitene som er brunstige, og for dei andre geitene fordi brunstige geiter vil ri på dei. Brunståtferda medfører òg at inntak av fôr vil vere redusert i denne perioden.

Drektigheit

Før kjeing vil fosteret fylle bukhola ein del og dermed hemme grovfôropptaket noko. Etter kjeing aukar opptaket gradvis, og 6–8 veker ut i laktasjonen vil grovfôropptaket vere på topp. Mjølkemengda vil vere på topp 3–4 veker etter kjeing. Dermed vil geita ha ein periode med underdekning av energi og må derfor tære på haldet. Det er viktig at geita er i godt hald ved kjeing for å kunne tole ein kortare periode med energiunderskot. Vi ønsker at perioden med underdekning skal vere kortast mogleg.

Avdråttsnivå

Avdråttsnivået, altså kor mykje geitene mjølkar, er òg ein viktig faktor for fôropptaket. For kvar kilo høgare dagsavdrått må ein berekne 0,25 kg høgare tørrstoffopptak frå grovfôr og kraftfôr per dag. Det held ikkje berre å auke fôrmengda, du må òg hugse at energiinnhaldet i rasjonen må aukast.

Tørrstoff (TS) er den delen av fôret som ikkje er vatn. Dette omgrepet fortel oss altså ikkje kor mykje av dei ulike næringsstoffa vi finn i fôret.

Sjukdom

Nedsett allmenntilstand vil gi redusert fôropptak. Ved sjukdom er det spesielt viktig at geitene får i seg nok væske. Viss geitene ikkje et i det heile, må du ta kontakt med dyrlegen!

Tenk over!

Kvifor er det spesielt viktig at geitene får i seg nok væske når dei er sjuke?

Feittsetjing

Feite dyr vil ha mykje innvolsfeitt som fyller bukhola. Då blir det mindre plass til grovfôret, og fôropptaket går ned.

Kjelder

Kvamsås, H. (2012). Berekningar av grovfôropptaket står sentralt. Sau og Geit, 5/2012. Henta frå NGSs fagdatabase: https://www.fag.nsg.no/default.cfm?sok_dyreslag_id=2&sok_fagomrade_id=&sok_tekst=&sok_artikkel_id=156

Kvamsås, H. (2017). God grovfôrutnytting krev god fôrplanlegging. Sau og Geit, 6/2017. Henta frå NGSs fagdatabase: https://www.fag.nsg.no/default.cfm?sok_dyreslag_id=2&sok_fagomrade_id=&sok_tekst=&sok_artikkel_id=345.

Relatert innhald

Fagstoff
Fôring av geit

Geiter er drøvtyggarar, og når du fôrer, må du kjenne det individuelle næringsbehovet til dyra, næringsinnhaldet i fôrrasjonen og den nødvendige fôrmengda.

Fagstoff
Beiteperioden

Bruk av beite har mange fordelar. Geitene får henta fôret sitt sjølve mens dei får frisk luft og mosjon. Det er òg vanleg å bruke geiter til utmarkspleie.

CC BY-SA 4.0Skrive av Magnhild Nymo og Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 06.10.2024