Produksjon og tenesteyting (NA-LGA vg2) – ferdig 2025
Felles programfag saman med:Forvaltning og drift (NA-LGA vg2) – ferdig 2025
Bygger på:Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1)
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Generelt om husdyrproduksjon
Husdyra våre er ein del av gardsdrifta, og vi er avhengige av dei for å produsere mat. Derfor bruker vi samlenemninga produksjonsdyr om storfe, småfe, gris og fjørfe. Her finn du lærestoff som er felles for dei vanlegaste produksjonsdyra i Noreg.
Fordøying og næringsstoff
For å kunne gi dyra det rette fôret må du vite litt om korleis fordøyinga fungerer hos drøvtyggarar og einmaga dyr. Det er òg viktig å kjenne til dei ulike næringsstoffa og betydninga deira for kroppen.
Fordøying
Korleis fungerer eigentleg vomma hos drøvtyggarane? Og kvifor kan du ikkje gi det same fôret til grisen og kua? Det får du svar på i dette emnet.