Hopp til innhald

Produksjon og tenesteyting (NA-LGA vg2) – ferdig 2025

Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.

Generelt om husdyrproduksjon

Husdyra våre er ein del av gardsdrifta, og vi er avhengige av dei for å produsere mat. Derfor bruker vi samlenemninga produksjonsdyr om storfe, småfe, gris og fjørfe. Her finn du lærestoff som er felles for dei vanlegaste produksjonsdyra i Noreg.

Fordøying og næringsstoff

For å kunne gi dyra det rette fôret må du vite litt om korleis fordøyinga fungerer hos drøvtyggarar og einmaga dyr. Det er òg viktig å kjenne til dei ulike næringsstoffa og betydninga deira for kroppen.