Hopp til innhald

Produksjon og tenesteyting (NA-LGA vg2) – ferdig 2025

Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.

Generelt om husdyrproduksjon

Husdyra våre er ein del av gardsdrifta, og vi er avhengige av dei for å produsere mat. Derfor bruker vi samlenemninga produksjonsdyr om storfe, småfe, gris og fjørfe. Her finn du lærestoff som er felles for dei vanlegaste produksjonsdyra i Noreg.

Fordøying og næringsstoff

For å kunne gi dyra det rette fôret må du vite litt om korleis fordøyinga fungerer hos drøvtyggarar og einmaga dyr. Det er òg viktig å kjenne til dei ulike næringsstoffa og betydninga deira for kroppen.

Næringsstoff

Dyra har behov for dei same næringsstoffa som vi menneske. Men fordøyingssystemet er ikkje likt hos alle husdyra, derfor er det stor variasjon i behovet for dei ulike stoffa. Næringsstoffa i fôret gir dyra energi til å produsere mjølk, egg, ull eller kjøtt.