Hopp til innhald

Fagstoff

Karbondioksid

Plantene må ha karbondioksid, CO2. Denne gassen er heilt sentral i fotosyntesen og er ofte ein avgrensande faktor. Utandørs er vi prisgitt nivået av denne gassen i lufta, mens i veksthuset kan vi tilføre ekstra CO2.

Karbondioksid i fotosyntesen

Heile 40 prosent av tørrstoffet i ei plante er karbon. Alle dei organiske stoffa er bygde opp rundt karbon, derfor treng plantene relativt mykje av stoffet. Karbonet tek plantene opp som karbondioksid (CO2) gjennom spalteopningane på blada, og det går inn i calvinsyklus, som er siste del av fotosyntesen. I calvinsyklus blir karbondioksid bygd inn i sukkermolekyla som blir danna.

Fotosyntese i ein grøn, dropsforma kloroplast. Lys treffer kloroplasten og gjer at vatn blir spalta til oksygengass. Piler viser at det òg blir frigitt energi i denne reaksjonen. Energien går vidare og blir brukt til å lade opp molekyl i kloroplasten. Noko av energien blir brukt til å drive calvinsyklus, der karbondioksidmolekyl blir bygde saman til sukker. Illustrasjon.

Auka CO2-konsentrasjon gir meir effektiv fotosyntese

Lufta ute inneheld om lag 400  CO2. Eit aukande innhald av CO2 i lufta er ein fordel for oss plantedyrkarar fordi denne gassen ofte er den avgrensande faktoren i fotosyntesen. Viss vi kan auke CO2-konsentrasjonen i lufta til 1000 ppm, vil vi få 30–50 prosent auka vekst.

Ekstra tilskot av CO2 er berre aktuelt når det er lys, sidan det berre er då fotosyntesen skjer. Lyset kan komme frå naturleg dagslys eller frå kunstig vekstlys. I mørket vil plantene gi frå seg CO2 under respirasjon, så ekstra tilskot av CO2 då har ingen effekt.

Tilskot av CO2 er vanleg i nesten alle produksjonar i veksthus. Unntaka er dei som berre har produksjonar på vår og sommar, til dømes sommarblomstrar. I ein slik produksjon vil luftelukene vere opne i store delar av døgnet, og den tilførte CO2-gassen vil berre forsvinne ut i lufta gjennom lukene. I tomat- og agurkproduksjon er CO2 heilt vanleg.

Korleis auke CO2-nivået i veksthuset?

Når veksthusa blir varma opp med olje eller elektrisitet, er det vanleg å leige gassflasker med CO2. Etter kvart har det blitt mange veksthus som blir varma opp med naturgass eller propan. Røykgassen frå denne forbrenninga består for det meste av CO2 og vassdamp, og CO2-gassen kan då førast tilbake og inn i veksthuset. Mellom plantene vil gassen sive ut gjennom små hol i røyr eller slangar når CO2-nivået er under nivået vi ønsker.

Røyropplegg med røyr i diverse fargar, materiale og dimensjonar. Foto.

Kjelder

Haraldsen, H., Pedersen, B. & Nordseth, T. (2023, 22. september). Karbondioksid. I Store norske leksikon. https://snl.no/karbondioksid

Norsk Gartnerforbund. (u.å.). CO2. Henta 30. september 2024 frå https://ngfenergi.no/klimastyring/co2/

Norsk Gartnerforbund. (u.å.). Naturgass. Henta 30. september 2023 frå https://ngfenergi.no/gass/

Aarnes, H. (2023, 1. oktober). Calvinsyklus. I Store norske leksikon. https://snl.no/calvinsyklus

Relatert innhald

Karbon er eit døme på eit grunnstoff som sirkulerer i økosystemet. Det finst i alt som er eller har vore levande.

CC BY-SASkrive av Anne Langerud og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 21.09.2023

Læringsressursar

Ytre vekstfaktorar