Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis er vêr og klima der du bur?

I Noreg er det store forskjellar i vêr og klima frå kyst til innland og frå nord til sør. I denne oppgåva skal du bruke eit digitalt kart til å undersøke korleis det er der du bur.
Kollasj med planter i ulike årstider: greiner dekte av snø, frukttre i full blomster, raude blad som ligg på bakken, blomstrande prestekragar. Foto.

Om Kilden

Kilden er ei kartløysing som NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) har ansvaret for. Her finn du mykje informasjon om tema som jord, skog, dyrka mark, vêr og klima. Dei ulike temaa ligg organiserte i ulike kartlag.

I denne oppgåva skal du først og fremst sjå på kartlaget som heiter "Vekstsesong", men du må gjerne sjå på andre ting du er interessert i.

Føremål

Føremålet med denne oppgåva er at du skal bli kjend med Kilden som ressurs for landbruket og få litt øving i bruk av ressursen.

Oppgåve

Gå inn på nettstaden Kilden.

Skjermdump av utdrag av meny frå det digitale kartverktøyet Kilden. Menyen viser kartlaget Vekstsesong med lengde, varmesum, nedbør og fordamping. Illustrasjon.
  1. Finn "Vekstsesong" i menyen med kartlag på venstre side, og klikk på han. Dei fire øvste vala beskriv korleis vêret i vekstsesongen vanlegvis er, altså kor lang han er (lengde), korleis temperaturen har vore (varmesum), kor mykje nedbør det normalt kjem (nedbør), og forholdet mellom kor mykje nedbør som kjem, og kor mykje vatn som fordampar frå jordoverflata (nedbør/fordamping). Desse er merkte med median. Nedanfor desse kan du velje å finne dei same opplysningane for eit spesielt år.

  2. Finn heimplassen din, eller ein annan stad du kjenner, i kartet. Du zoomar inn eller ut oppe til høgre.

  3. Vel frå menyen til venstre. Trykk på staden du har valt, og finn svar på oppgåvene nedanfor. Det kan ta nokre sekund før opplysningane kjem fram.

    1. Kva er normal nedbørsmengde (median) i vekstsesongen på staden din?

    2. Sjå på grafen. Regnar det meir eller mindre no i forhold til tidlegare? Kva trur du er forskjellen på den raude og den blå linja?

    3. Kor lang (talet på dagar) er vekstsesongen?

    4. Sjå på grafen. Har vekstsesongen blitt lengre eller kortare i den perioden grafen viser?

  4. Vel eit spesielt år (kanskje det året du vart fødd?).

    1. Kor mykje nedbør kom det på staden du har valt, dette året?

    2. Kor lang (talet på dagar) var vekstsesongen dette året?

Skjermdump frå det digitale kartet Kilden som viser endringa i varmesum for ein vald stad i Troms og Finnmark i perioden 1980 til 2015 som ein graf. Illustrasjon.

Oppgåver til diskusjon

  1. Korleis påverkar lengda på vekstsesongen kva vi kan dyrke?

  2. Dersom vekstsesongen i Noreg blir lengre som følge av klimaendringar, kva konsekvensar kan det få for oss som dyrkar planter utandørs, både positive og negative?

CC BY-SASkrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 25.11.2023

Læringsressursar

Ytre vekstfaktorar