Hopp til innhald
Fagartikkel

Vatn

Plantene må ha vatn. Det aller meste av vatnet plantene tek opp, fordampar ut igjen gjennom blada, men på turen sin gjennom planta har vatnet ein livsnødvendig funksjon. Vatnet er sentralt i fotosyntesen, for transport av næring rundt i planta og for å halde plantene saftspente og oppreiste.

Kor mykje vatn er det i ei plante?

Planter består for det meste av vatn, normalt 70–90 prosent. Mengda varierer litt mellom artar, mellom plantedelar og etter kvar i utviklinga planta er. Vatnet held planta oppreist og saftspent slik blada kan fange inn mest mogleg lys for å drive fotosyntesen.

For lite vatn

Planter som er visne, manglar vatn. For å forhindre ytterlege tap av vatn gjennom lukkar plantene . Då vil dei fleste prosessane i plantene etter kvart stoppe opp:

  • Transporten av vatn stoppar fordi han i stor grad blir driven av transpirasjonen.

  • Transporten av næringsstoff vil stoppe fordi vasstraumen stoppar.

  • Fotosyntesen stoppar opp fordi

    • det manglar vatn til første trinn, lysreaksjonen

    • det manglar CO2 til andre trinn, calvinsyklusen. Dette kjem av at plantene ikkje får teke opp CO2 når spalteopningane er lukka.

Transport av vatn og næringsstoff

I vedvevet i plantene blir vatn og næringsstoff transporterte frå rota ut til vekstpunkt og blad. Ei viktig drivkraft for denne transporten er transpirasjon. Det aller meste av vatnet plantene tek opp, fordampar nemleg ut igjen gjennom blada. Dette skaper eit undertrykk som trekker nytt vatn opp.

Når det blir mangel på vatn, lukkar spalteopningane seg for å unngå å miste meir vatn. Då stoppar transporten av vatn og næringsstoff opp.

Vatn til fotosyntesen

Ein bitte liten del av vatnet som plantene tek opp, treng dei i fotosyntesen. Vatnet går inn i lysreaksjonen som er første trinn i fotosyntesen. Oksygenet som plantene gir frå seg i fotosyntesen, det oksygenet som vi menneske er heilt avhengige av, er vatn (H2O) som er spalta i oksygen (O2) og hydrogen (H).

For mykje vatn

Plantene vi dyrkar, tek opp det aller meste av vatnet gjennom rothåra på røtene. Viss jorda er metta av vatn, vil det oppstå oksygenmangel i røtene. Dette hemmar respirasjonen i rota, og rotveksten stoppar. Planter som står i dårleg drenert jord, får derfor eit dårleg utvikla rotsystem.

I veksthuset, eller i stua heime, er det ein fordel om vi let jorda tørke opp mellom kvar vatning. Då får vi betre rotvekst og ei meir robust plante. Viss planta står i konstant vassmetta jord utan tilgang på oksygen, vil ho døy, og vi seier at ho druknar.

Vassplanter

Det varierer mykje mellom ulike artar kor lite oksygen dei kan tolerere, og vi finn ulike tilpassingar for å takle lite oksygen. Du har kanskje sett planter som veks i små vatn eller tjern? Gul nøkkerose er ei av desse. Blada ligg oppå vassflata, mens røtene ligg i vatnet. Dei tek opp oksygen gjennom spalteopningane i blada og transporterer det i spesialutvikla kanalar ned til rota. Risplantene er eit anna døme på planter med eiga tilpassing. Dei blir dyrka i godt vassmetta jord. Dei har ein respirasjon som ikkje treng oksygen, dei har nemleg anaerob respirasjon.

Oppgåve

Kjelder

Berner jr. E. (1996). Plantefysiologi. Pensumtjeneste.

Aarnes, H. (2020, 5. juli). Spalteåpninger. I Store norske leksikon. https://snl.no/spalte35pninger

Aarnes, H. (2020, 7. januar). Floemtransport. I Botanisk- og plantefysiologisk leksikon. https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/plfys/floem/

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2023