Hopp til innhald
Fagartikkel

Næringsstoff

Når vi tørkar ei plante, sit vi att med tørrstoffet. Det består av næringsstoff som er bygde inn i organiske molekyl som protein eller sukker. Næringsstoffa i planta kan vi dele i tre grupper: makronæringsstoff, mikronæringsstoff og stoff som planta faktisk ikkje treng.

Kva består ei plante av?

Ei frisk plante i normal vekst består av 70–90 prosent vatn. Resten kallar vi tørrstoff. Tørrstoffet består av organisk materiale og mineral. I det organiske materialet finn vi grunnstoffa karbon, oksygen, hydrogen, nitrogen og svovel. Dette er grunnstoff som er byggesteinar i organiske molekyl som mellom anna sukker, DNA og protein. Mineralfraksjonen består av andre grunnstoff, nokre i bitte små mengder, andre i litt større mengder.

Essensielle næringsstoff

Plantene treng i alt 17 grunnstoff for å leve, vekse og formeire seg. Vi kallar desse essensielle næringsstoff, og dei blir delte i to grupper:

  • makronæringsstoff – dei stoffa planta treng mykje av

  • mikronæringsstoff – dei stoffa planta treng mindre av

Makronæringsstoff

I denne gruppa finn vi ni næringsstoff. Karbon tek plantene opp frå lufta, mens oksygen og hydrogen som oftast kjem frå vatnet. Dei seks siste makronæringsstoffa hentar plantene i all hovudsak frå jorda.

Makronæringsstoff

Næringsstoff

Kjemisk symbol

Funksjon i plantene

Kvar hentar plantene stoffet frå?

KarbonCInngår i organiske sambindingar som stivelse, protein og feitt. Fotosyntesen. Over 40 % av tørrstoffet i ei plante er karbon.Lufta
HydrogenHInngår i organiske sambindingar som stivelse, protein og feitt. Fotosyntesen. Transport.Lufta eller vatnet
OksygenOInngår i organiske sambindingar som stivelse, protein og feitt. Respirasjon.Lufta eller vatnet
NitrogenNInngår i protein og klorofyll. Viktig for den vegetative veksten.Jorda (lufta)
FosforPEnergiomsetjing (fotosyntesen og respirasjon). Inngår i organiske sambindingar.Jorda
KaliumKViktig i vassbalansen, regulerer spalteopningane.Jorda
KalsiumCaInngår i celleveggane.Jorda
MagnesiumMgInngår i klorofyllet.Jorda
SvovelSInngår i protein og enzym.Jorda

Nitrogen, fosfor og kalium – NPK

Nitrogen (N), fosfor (P) og kalium (K) er dei tre stoffa som plantene vi dyrkar, treng mest av. Gjødsla vi kjøper, inneheld derfor mest av desse tre stoffa. Vi kan til dømes finne gjødsel som heiter 25-2-6, desse tala beskriv innhaldet i prosent av nitrogen (25 %), fosfor (2 %) og kalium (6 %) i den rekkefølga. I tillegg kan gjødsla innehalde fleire av dei andre næringsstoffa som plantene treng, men då i små mengder.

Mikronæringsstoff

Mikronæringsstoff treng plantene i til dels svært små mengder, men dei er heilt avhengige av dei. Det er sjeldan mangel på desse stoffa i jorda, men pH-verdien i jorda kan påverke evna plantene har til å ta opp stoffa.

Grunnstoffa som blir rekna som mikronæringsstoff, er jern (Fe), kobbar (Cu), mangan (Mn), bor (B), sink (Zn), molybden (Mo), klor (Cl) og nikkel (Ni).

Tilfeldige stoff

I plantene kan vi òg finne grunnstoff som ikkje er nødvendige for normal vekst og utvikling. Dei finst i veldig små mengder og følger passivt med jordvæska når plantene tek opp vatn. Dette kan til dømes vere natrium eller aluminium.

Viktige omgrep

Tørrstoff (ts)
er det vi sit igjen med når vi tørkar ei plante slik at vatnet er borte. Tørrstoffomgrepet bruker vi ofte i samband med grasdyrking. Til dømes gir vi opp avling i kilo tørrstoff per dekar, og fôropptaket hos mjølkekyr er størst når surfôret har eit tørrstoffinnhald på 30–35 %.
Essensielle næringsstoff
er næringsstoff som plantene ha for normal vekst og utvikling. Dei essensielle næringsstoffa deler vi i makro- og mikronæringsstoff.
Makronæringsstoff
er næringsstoff som plantene treng relativt mykje av.
Mikronæringsstoff
er næringsstoff som plantene treng i mindre mengde, men som er like viktige som makronæringsstoffa.

Oppgåve

Hugsar du kva som er makronæringsstoff og kva som er mikronæringsstoff? Dra tekstboksane til rett omgrep.

Kjelder

Skøien, S. 2023. Agronomi. Jordkultur. Fagbokforlaget.

Aarnes, H. (2022, 3. januar). Mineralnæring. I Botanisk- og plantefysiologisk leksikon. https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/plfys/mineral/

Relatert innhald

Fagstoff
Nitrogenfiksering

Erter, linser og bønner er sunne, mettande og billege. Belgvekstane gjer dessutan jorda rik på ein fiffig måte.

CC BY-SA 4.0Skrive av Simen Østmoe og Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 29.09.2023