Hopp til innhald

Fagstoff

Metall brukte i konstruksjonar

Det er mange materiale vi kan bruke til å bygge ein konstruksjon. Dei vanlegaste er metall, betong, murstein, tre, plast og kompositt, men det finst mange fleire konstruksjonsmateriale og kombinasjonar av desse.
Eiffeltårnet i Paris. Eit tårn som kviler på fire store pilarar. Foto.

Om val av konstruksjonsmetall

Når ein ingeniør designar ein ny struktur eller eit nytt objekt, er det viktig at hen vel rett byggemateriale. Styrke-til-vekt-forholdet til materialet kan til dømes vere avgjerande når ein designar eit fly. Strekkfastleiken til lågkarbonstål (365 MPa) og aluminiumslegering (310 MPa) kan verke rimeleg lik, men sidan tettleiken på stål (7,87 g/cm) er 2,9 gonger høgare enn tettleiken på aluminium (2,70 g/cm3), vil eit fly laga av stål vere nesten tre gonger så tungt som eit fly laga av aluminium.

Utveljingskriterium

Når vi vel eit materiale for konstruksjon, tek vi omsyn til

  • styrke, altså evne til å bere vekt

  • fleksibilitet, det vil seie evne til å handtere vibrasjon og/eller rørsler

  • vekt, for vekta har noko å seie for kor lett det er å handtere eller flytte på objektet

  • formbarheit

  • haldbarheit, det vil seie evne til å motstå miljøfopåverknader som korrosjon og forvitring

  • behov for vedlikehald

  • produksjonskostnad

  • livssykluskostnader, altså den totale kostnaden gjennom heile levetida til konstruksjonen

Vanlege metall brukte i industrien

Dei fleste produkta som skal overflatebehandlast industrielt, består av jern, jernlegeringar, aluminium, aluminiumslegeringar, kopar, koparlegeringar, sink eller titan.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo. Rettshavar: FROSIO
Sist fagleg oppdatert 09.11.2023

Læringsressursar

Materiale brukte i industrielle konstruksjonar