Hopp til innhald

Fagstoff

Kopar, bronse og messing

Kopar og alle vanlege koparlegeringar har god korrosjonsmotstand.
Stabel med store koparbarrar som er bunta saman i pakkar på sju. Framfor stabelen ein arbeidar som skriv noko på eit ark. Stabelen er høgare enn arbeidaren. Foto.

Kopar

Rein kopar (Cu) er eit raudbrunt metall. Kopar er mjuk, lett å forme (duktil) og har god elektrisk leiingsevne. Kopar blir til dømes brukt i røyrleggardelar, varmevekslarar, prosessutstyr, takplater og elektriske leidningar.

Tre femøremyntar av kopar ved sida av kvarandre. Den første mynten er blankpussa, den andre er oksidert og den tredje er eira. Foto.

Patina på kopar

Når kopar blir utsett for fuktig luft, blir det danna ein overflatefilm som er ganske vernande. Denne overflatefilmen har ein behageleg grønfarge og blir kalla patina. Patinert kopar blir brukte av arkitektar, til dømes på tak, takrenner og nedløp på framståande bygningar.

Bronse

Bronse er ei koparlegering som vanlegvis inneheld ca. 12 % tinn. Ofte blir det også tilsett andre metall som aluminium, mangan, nikkel eller sink, nokre gonger også ikkje-metall eller metalloid som arsen, fosfor eller silisium.

Desse tilsetningane gjer at legeringa er hardare enn kopar åleine. Dei kan dessutan bidra med andre nyttige eigenskapar, til dømes stivleik og duktilitet.

Bronse blir til dømes brukt til tekniske delar som skipspropellar, fjører, lager og foringar. Legeringa blir også brukt til båt- og skipsinnreiing, kyrkjeklokker, skulpturar, statuar og ornament.

Messing

Messing er ei legering av kopar og sink. Sinkinnhaldet kan variere frå ca. 5 % til 45 %.

Messing blir mykje brukt til dekorasjon på grunn av sin lyse, gulliknande utsjånad. I tillegg bruker ein det i komponentar der låg friksjon er nødvendig, til dømes lås, gir, lager, dørhandtak, ammunisjonshus og ventilar.

Instrument som horn og klokker har tradisjonelt blitt laga med handverktøy. Messing var veleigna til dette formålet fordi det er lett å omarbeide, men likevel haldbart. Desse instrumenta blir framleis produserte i messing.

Elles blir messing brukt der det er viktig å unngå gneistar, til dømes i beslag og verktøy i nærleiken av brennbare eller eksplosive materiale. Og det blir brukt i glidelås, medaljar og ikkje minst myntar. Dei fleste koparmyntane er faktisk messingmyntar!

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo. Rettshavar: FROSIO
Sist fagleg oppdatert 09.11.2023

Læringsressursar

Materiale brukte i industrielle konstruksjonar