Hopp til innhald

Fagstoff

Titan

Titan (Ti) er eit skinnande, sølvkvitt metall. Det er lett, men samtidig sterkt og svært motstandsdyktig mot korrosjon.
Eit blankt metall i sylindrisk form. Det er sett saman av mange små metallbitar. Foto.

Eigenskapar

Titan (Ti) er eit lettmetall med sølvkvit farge. Metallet finst naturleg i jordskorpa og i mineral som rutil og ilmenitt.

Titan er eit av dei mest allsidige metalla som finst, for det er lett, sterkt og korrosjonsbestandig. Det er nesten like sterkt som stål, men veg berre halvparten så mykje. Den høge korrosjonsmotstanden gjer at titan eignar seg veldig godt som metallisk materiale i saltvatn og andre miljø. I tillegg toler titan svært høge temperaturar og har ein smeltetemperatur på over 1600 °C. Derfor passar metallet godt til bruk i miljø med høg temperatur. Sist, men ikkje minst, er titan biokompatibelt. Med det meiner vi at metallet stort sett ikkje reagerer med menneskeleg vev som hud og kjøtt, noko som gjer det til eit populært val for medisinske implantat.

Bruksområde

Titan er eit relativt dyrt metall å produsere, noko som avgrensar bruken på enkelte område. For mange bransjar er metallet likevel viktig, og forskarar held fram med å utforske nye bruksområde.

Bruk i industrien

Innanfor industrien blir titan ofte brukt i produksjonen av fly- og romfartøy fordi metallet passar ideelt til delar som skal tole store belastningar, samtidig som dei skal vere så lette at dei ikkje påverkar ytinga til flyet. Titan blir òg brukt i produksjonen av sportsutstyr som golfklubbar, sykkelrammer og tenniskjeder.

Innanfor kjemisk industri blir Titan spesielt nytta der er behov for materiale som toler høge temperaturar og e miljø. Det blir også brukt til å produsere vakuumkomponentar og elektriske kontaktar.

Medisinsk bruk

Vi menneske treng av og til reservedelar. Titan blir stort sett tolt veldig godt av kroppen og er derfor eit populært val ved produksjon av implantat, til dømes hofteprotesar, tannimplantat og plater og skruar for å fikse beinbrot.

Titan blir også nytta som materiale i medisinsk utstyr som ar og til instrument for i. Styrken og haldbarheita gjer det til eit ideelt materiale for medisinsk utstyr som skal tole store belastningar og samtidig vere trygt for kroppen.

Ryggradmodell med titanimplantat. Foto.

Ryggradmodell med titanimplantat.

Nærbilete av eit auge med ei piercing i augnebrynet. Foto.

Kvifor er titan eit materiale som er godt eigna til piercingar?

Andre bruksområde

Titan har ei rekke kjemiske eigenskapar som gjer det generelt interessant for forsking og utvikling. Metallet kan til dømes brukast som katalysatormateriale til å produsere hydrogen frå vatn ved hjelp av solenergi.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 09.11.2023

Læringsressursar

Materiale brukte i industrielle konstruksjonar