Aluminium og aluminiumslegeringar
Aluminium (Al) er eit sølvkvitt, mjukt, ikkje-magnetisk og duktilt metall. Aluminium er det tredje mest vanlege grunnstoffet i jordskorpa etter oksygen og silisium. Det er det mest utbreidde metallet.
Aluminium er så kjemisk reaktivt at vi svært sjeldan finn det i rein form i naturen. I staden finst det kombinert i over 270 ulike mineral. Det viktigaste råstoffet for aluminiumsutvinning er bergarten bauksitt.
Ved kontakt med luft dannar aluminium ein passiv oksidfilm (0,01 μm) som hindrar korrosjon. Aluminium kan likevel korrodere når det vernande oksidasjonssjiktet blir skadd av støyt, slitasje eller kjemiske angrep.
Til vanleg blir alumunium legert med kopar, magnesium, mangan, silisium og/eller sink for å oppnå spesielle eigenskapar.
Aluminium er mykje brukt i industrien fordi det er lett og motstandsdyktig mot korrosjon. Det er til dømes heilt nødvendig for luftfartsindustrien, og det er generelt viktig i konstruksjonar og komponentar der låg vekt og god korrosjonsmotstand er ein fordel, som bygningsfasadar og vindaugekarmar.