Hopp til innhald

Fagstoff

Sink

Sink blir først og fremst brukt som overflatebelegg på metall for å verne mot korrosjon.
Ei kule av sink mot kvit bakgrunn. Metallet er sølvfarga. Foto.

Sink

Sink er eitt av dei mest brukte metalla. Berre jern, aluminium og kopar er brukte endå meir. Sink har ein blåkvit, skinande farge, men dei fleste kommersielle variantane av metallet har ein kjedeleg finisj. Metallet er hardt og sprøtt ved dei fleste temperaturane. Sink leier elektrisitet og har relativt lågt smeltepunkt (419,5 °C) og kokepunkt (907 °C).

Sink er eit metall. I rein form reagerer det med karbondioksid i lufta og blir anløpt raskt. Til slutt dannar det seg eit vernande lag av sinkkarbonat. Dette laget hindrar ytterlegare reaksjon med luft og vatn.

Sink er ikkje mykje brukt som byggemateriale, men sinkplater blir brukte til taktekking og som kledningsmateriale på bygningar. I byggebransjen er det viktigaste bruksområdet for sink galvanisering av stål.

Galvanisering

Galvanisering er prosessen med å påføre eit vernande sinkbelegg på stål eller jern for å hindre korrosjon. Den vanlegaste metoden er varmgalvanisering, der delane blir nedsenka i eit bad av smelta sink.

Galvanisering vernar på to måtar: For det første hindrar sinkbelegget etsande stoff i å nå det underliggande stålet eller jernet.

For det andre korroderer sink før jern. Det betyr at stålet vil være verna av gjenverande sink sjølv om belegget har riper.

Sink er svært korrosjonbestandig, og ein går ut frå at metall som er galvaniserte kan ha ei levetid på 50–100 år under normale miljøforhold.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo. Rettshavar: FROSIO
Sist fagleg oppdatert 09.11.2023

Læringsressursar

Materiale brukte i industrielle konstruksjonar