Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Mønstra tapet

Korleis kan du designe tapet til eit soverom? Du får i oppdrag å utsmykke eitt eller to soverom i ein privat heim med spesialdesigna tapet. Eksperimenter med ulike formspråk, måleteknikkar og fargekontrastar for å utvikle originale mønster i samsvar med det kunden ønskjer seg.
To remser med mønstra tapet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon om kunden

Kunden er eit ungt par, Anita og Tom på 30 år, og sonen deira Fredrik på 3 år. Dei har nettopp flytta inn i eit nytt hus og ønskjer å friske opp to av soveromma med eit nytt og originalt uttrykk på veggene. Paret liker interiørtrendar med eit handmåla uttrykk og vil at du skal ta utgangspunkt i interessene deira.

  • Du skal eksperimentere med både abstrakte og figurative element for å finne fram til eit spennande formspråk.
  • Kunden vil at du skal arbeide etter mønster-i-mønster-prinsippet. Det vil seie at du skal bruke store gjentakingar og mindre gjentakingar i same mønster.
  • Vel mellom å lage tapet til begge soveromma eller berre eitt av dei.

Rom 1: Anita og Tom sitt soverom

Glad mann og dame i ein hage. Foto.

Soverommet til Anita og Tom er 4 m x 4 m og 16 m² stort.

Her skal du ta utgangspunkt i interessa deira for naturen. Begge bruker mykje tid i hagen og på turar i skog og fjell. Paret ønskjer seg eit tapet med eit harmonisk og organisk utrykk inspirert av naturlege former og teksturar.

Rom 2: Fredrik sitt soverom

Gut som smiler. Foto.

Soverommet til Fredrik er 4 m x 3 m og 12 m² stort.

Fredrik er ein kreativ gut som elskar dyr og eventyr. Han er glad i fargar og har ein livleg fantasi. Foreldra vil gjerne at tapetet på rommet hans skal vere leikent og positivt.

Del 1 – moodboard

Vel eitt av eller begge soveromma og finn gode bilete på nettet som viser kva retning du ønskjer å jobbe i. Ta med figurar, former, teksturar og fargar som inspirerer deg, og bruk referansebilete av tapet og mønster som viser kva stil og stemning du vil ha. Hugs at kunden vil at tapetet skal spegle dei personlege interessene deira, og finn inspirasjon frå handmåla uttrykk.

Søk gjerne inspirasjon i Pinterest-tavler. Her er eit par døme:

Del 2 – idéutvikling

På bakgrunn av moodboardet ditt skal du lage idéskisser. Her skal du eksperimentere med ulike måleteknikkar og forenkle, stilisere og abstrahere elementa frå moodboardet slik at det blir di eiga tolking.

Utprøving av fargar og stiliserte blomstrar. Biletkollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3 – fargekontrast

Du skal utforske ein fargekontrast, til dømes lys–mørk-kontrasten eller kald–varm-kontrasten, og arbeide med og fargemøte. Her kan du velje om fargane skal bevege seg forsiktig ton-i-ton, eller om du ønskjer eit meir kontrastfylt uttrykk der du set fargane opp mot kvarandre.

Del 4 – mønsterutvikling

  1. Skann skissene frå idéutviklingsfasen og legg dei i ei eiga mappe på PC-en.
  2. Test ulike prinsipp for mønsterbygging i eit digitalt teikneprogram, til dømes Illustrator.

    • Prøv ut gruppering, spegling og rapportering.
    • Bruk gjerne både stor og liten skala i same mønster for å gjere det meir interessant.
    • Tenk over rytme, komposisjon og storleiksforhold, og eksperimenter med ulike mønster og fargar før du gjer eit val.
Illustrator

For å kunne arbeide med skissene dine i Illustrator må du først vektorisere dei. Sjå korleis du gjer dette, i denne YouTube-filmen om vektorisering av måla mønsterelement i Illustrator.

Fargeutprøvinger på mønstret tapet og utprøving av mønstret tapet i soverom. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 5 – tapet og ferdig produkt

  1. Vel eitt mønster (to om du har valt å jobbe med begge soveromma) og skriv ut dette som ei tapetremse i målestokk 1 : 1 på ein plottar.
  2. Lag ein 3D-modell av rommet/romma med tapetet du har valt, i målestokk 1 : 20.
Modell av eit soverom med dobbeltseng og mønstra tapet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 6 – presentasjon

Du skal dokumentere designprosessen med foto og skisser gjennom heile prosjektet. Lag ein digital presentasjon der du med bilete og litt tekst viser utviklinga frå idé til ferdig produkt.

Presentasjonen skal innehalde

  • moodboard til soverommet/soveromma
  • idéskisser – framhev dei skissene du har valt
  • mønsterskisser – vis kva fargekontrast, komposisjon og mønsteroppbygging du har brukt
  • mønsteret/mønstera du har valt, i målestokk 1 : 1
  • ei visualisering av tapetet i ein romleg kontekst
  • eit bilete av ein 3D-modell med tapetet du har valt, i målestokk 1 : 20
  • ei kort skildring av arbeidsprosessen din frå idé til ferdig resultat

Del 7 – innlevering

Du skal levere inn

  • ei remse av tapetet/tapeta i målestokk 1 : 1
  • 3D-modellen av rommet/romma med tapetet i målestokk 1 : 20
  • den digitale presentasjonen som viser arbeidsprosessen din

Relatert innhald

Moodboard visualiserer idéar. Saman med tankekart og notat kan dei gjere idéen din tydelegare.

Bruk av kontrastar påverkar korleis vi opplever farge og form. Ved å bruke fargekontrastar bevisst kan du forsterke det uttrykket du ønskjer.

CC BY-SASkrive av Miranda Tengs Brun og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 03.08.2020

Læringsressursar

Interiørkonsulent