Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Interiør og redesign

Bruk noko gammalt til å skape noko nytt!
Vel eit møbel frå ein gjenbruksbutikk, eller ta med noko heimanfrå, som du vil oppgradere. Vel om du vil la møbelet behalde funksjonen sin, eller om du skal bruke det på ein ny måte. Gi det ei overflatebehandling, slik at det får ein ny utsjånad.
Kommode med fargerike skuffer og knottar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Forarbeid

Sett dykk inn i kva berekraft og redesign betyr. Diskuter korleis de kan ta miljøvennlege val i interiør.

Del 2: Finn eit møbel som du vil oppgradere

  1. Har du eit møbel heime som du vil oppgradere? Viss ikkje, tek du ei synfaring på ein gjenbruksbutikk og vel eit møbel der. Du kan tenkje små møblar som bord, krakkar, hyller og kommodar eller lamper, biletrammer, blomsterpotter eller anna inventar.
  2. Utfordringa i denne oppgåva er først og fremst å gi møbelet ei overflatebehandling, slik at det ser nytt og oppdatert ut. Kva materiale er møbelet du har valt, laga av? Sett deg inn i korleis du kan behandle overflata til møbelet på ein miljøvennleg måte.
Kontorinteriør i teak i eit blått rom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: Idéutvikling

  1. Hent inspirasjon, gjerne frå nettsider eller YouTube, for å sjå kva andre har gjort for å oppgradere interiørobjekt.
  2. Tenk ut kva du vil oppnå med designet ditt. Her kan du tenkje nytt. Bruk gjerne produktet på ein heilt ny måte. Dersom du skal supplere med nye materiale, må du finne materiale som er berekraftige.
  3. Lag eit moodboard med inspirasjon.
  4. Lag skisser til ulike løysingar, og eksperimenter med fargebruken.

Del 3: Gjennomføring

  1. Husk å ta bilete av møbelet ditt før du startar på arbeidet, og fotografar undervegs i prosessen.
  2. Vel den idéskissa du vil gå vidare med, og lag arbeidsteikning. Legg inn små kommentarar på kva du har tenkt.
  3. Oppgrader møbelet ditt.
  4. Lag ein presentasjon som kollasj på ein A2-plansje. Denne skal innehalde inspirasjon, skisser og foto av prosessen.

Del 4: Presentasjon

Presenter det ferdige produktet for resten av gruppa, og forklar korleis redesignprosessen din har vore. Korleis har du teke vare på berekraftsperspektivet?

Innlevering

Skisser, A2-plansjen og det ferdige produktet.

Hytteinteriør: sofa og bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Dei fleste leverandørar av møblar og inventar tenker gjenbruk og bruk av miljøvennlege og berekraftige materiale når dei designar produkta sine.



CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 03.04.2020

Læringsressursar

Interiørkonsulent