Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Kjendisrommet

Vel ein kjendis og tenk deg at hen gir deg i oppdrag å innreie eit rom. Val av golv, vegger, møblar og anna inventar skal passe til kjendisen sin stil og vareta ønska og behova til kunden. Du skal lage ein modell av rommet i skalaen 1 : 10 eller 1 : 20 og presentere eit løysingsforslag.
Ein teikneseriefigur som ser ut som ein glad drone (hannbie) med menneskelege trekk, speler trompet i eit rom som er innreidd med scene og sofa med bord. Foto av ein modell.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Lag ein kundeprofil

  1. Søk på nettet og i sosiale medium etter informasjon om kjendisen du har valt som kunde.

  2. Lag ein kundeprofil i til dømes Word eller InDesign. Bruk skjemaet i vedlagd fil som utgangspunkt.

Filer

Del 2: Hent inspirasjon

Finn bilete som inspirerer deg. Bruk gjerne Pinterest.com til å opprette tavler med inspirasjon.

  1. Finn minimum 20 bilete med inspirasjon til kjendisrommet du skal lage.

  2. Finn 10–15 bilete med tips til korleis du kan bygge møblar til skalamodellar. Gode søkeord kan vere "doll furniture diy" eller "model furniture diy".

Del 3: Lag eit moodboard

Eit moodboard er eit godt verktøy når du treng å visualisere eit prosjekt eller ein idé. Basert på kundeprofilen skal du lage eit moodboard som viser korleis du ønsker å designe interiøret til kjendisrommet. Moodboardet skal gi eit inntrykk av korleis dette rommet vil kjennast, korleis stemninga i rommet kjem til å vere. Bruk kunnskapen din om visuelle verkemiddel når du formar ut moodboardet.

Dette må vere med i moodboardet:

  • tre eller fleire ord som beskriv stemninga i rommet

  • eitt eller fleire bilete av kjendisen eller figuren som beskriv vedkommande godt

  • eitt eller fleire bilete som viser fargane du vil bruke

  • eitt eller fleire bilete som viser materiale, overflater og/eller teksturar du har valt

  • eitt eller fleire bilete som beskriv inventar (møblar og objekt) i rommet

Tre moodboards for tre ulike kjendisar. Bileta viser portrett av kjendisen, fargepalett, møblar og inventar. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 4: Lag eit materialkart

Eit forseggjort materialkart er viktig. Materialkartet viser dei materiala og overflatene du ønsker å bruke i eit prosjekt, men i tillegg formidlar materialkartet stemninga og kjenslene i prosjektet for både kunden og deg. Ver derfor nøye med korleis du behandlar materialprøvene, korleis du klipper, skjer og monterer dei. Komponer materialkortet bevisst og utnytt formatet godt.

Framgangsmåte

  • Skjer til eit stykke bokpapp i storleiken 30 x 20 cm. Bruk tapetkniv og stållinjal.

  • Prøv ut ulike komposisjonar av materialprøver på plata.

  • Ta foto av to moglege forslag og diskuter desse med læraren.

  • Montér opp den endelege materialkollasjen med heftemasse.

  • Ha med materialprøver for

    • vegg

    • golv

    • møblar

    • tilbehøyr eller anna inventar

Tekstilprøver i duse fargar som er sette saman til eit materialkart. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 5: Bygg ein modell

Lag ein modell av interiøret i skalaen 1 : 10 eller 1 : 20. (Du kan ta utgangspunkt i modellboksar viss skulen har tilgang til slike.) Golv og vegger skal dekorerast, og modellen skal innehalde minimum fire møblar eller interiørobjekt.

Ein modellboks med tre vegger. Veggene er tre papp-plater som er monterte på ei treplate med freste spor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 6: Jobb med lyssetting

Eksperimenter med ulik belysning, og ta bilete av modellen din med to ulike lyssettingar.

Modell av eit rom med staffeli, skulpturar og veggmåleri. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 7: Hald ein munnleg presentasjon

Bruk eit digitalt presentasjonsprogram og presenter oppgåva di munnleg og visuelt. I presentasjonen skal du forklare korleis du har jobba med prosjektet.

Dette bør vere med:

  • Presenter personen du har valt å løyse oppdraget for. Her kan du til dømes vise bilete og klipp frå musikkvideoar, intervju eller filmar for å introdusere kjendisen for klassen.

  • Set inn bilete av moodboardet og materialkartet ditt, og sei noko om samanhengen mellom dei og det ferdige produktet.

  • Kva målestokk har du brukt? Kor høgt og breitt er rommet? Sei noko om korleis du har jobba for å få til rett storleik på gjenstandar, vindauge osb. i rommet ditt.

Hender modellerer skulpturen "David" av Michelangelo i leire. Foto.
  • Presenter prosessbilete som viser rommet under utvikling, og produksjon av møblar og anna interiør.

  • Vis interiørløysinga og grunngi vala dine. Forklar korleis du har teke omsyn til preferansane og personlegdommen til kjendisen.

  • Vis foto tekne med to ulike typar lyssetting. Kva lyssetting passar best til rommet du har valt, og kvifor?

  • Kva er du mest fornøgd med?

  • Er det noko du kjem til å løyse på ein annan måte i framtidige prosjekt?

Moodboard til, og modellar av, to interiørforslag, eitt for ein mann, eitt for ei kvinne. Fotokollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Helen Amundsen Halten og Tarje Skjefstad.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2022

Læringsressursar

Interiørkonsulent