Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Oppdrag: berekraftig interiørdesign

Eit ungt par har flytta inn i eit nytt hus og treng hjelp til å innreie. Som interiørkonsulent får du utfordringa med å hjelpe dei.
To menn hengjer opp eit bilete på veggen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag

De jobbar som interiørkonsulentar hos retrohjem.no og har fått ei bestilling frå eit ungt par. Dei har nettopp flytta inn i ein stor einebustad. Bustaden var ferdig møblert då dei overtok han, men dei innser at stilen i huset ikkje passar heilt til dei. Derfor håpar dei at de kan hjelpe dei med å innreie bustaden.

Paret er veldig opptekne av miljø og berekraft, og dei vil at det skal brukast materiale og stoff som er så berekraftige som mogleg. Dei kunne godt tenkje seg nokon andre møblar, men synest òg det blir for gale å kaste alt saman. Dessutan brukte dei så mykje pengar på eigenkapital då dei kjøpte huset, at dei ikkje har så mykje til overs.

Her følgjer litt meir informasjon om paret:

  • Favorittfargane deira er grøn og gul.
  • Dei er glad i abstrakt kunst, liker å sjå på seriar på tv og har ofte overnattingsgjester.
  • Dei vil kanskje ha barn, men ikkje så veldig mange.

I forslaget dykkar til ny innreiing skal de leggje vekt på å

  • finne løysingar som fungerer godt i praksis
  • velje ut møblar, fargar og anna interiør som tilfredsstiller ønska til paret
  • halde kostnadene så låge som mogleg

Diskuter

Korleis kan de oppfylle ønsket til paret om miljø og berekraft når de innreier bustaden?

Korleis vil de løyse eit slikt oppdrag?

På synfaring

Endeleg skal de få sjå bustaden med dykkar eigne auge! De har fått fritt spelerom og kan gå rundt i huset som de vil. Ta notat undervegs slik at de har den informasjonen de treng når de skal planleggje etterpå.

Legg til eigne føresetnader når de manglar informasjon, til dømes «gardinene i stova er laga av polyester».

Få oversikt og lag ein plan

  1. Gjer dykk kjende med huset ved å bruke den virtuelle versjonen av huset over.
  2. Lag ei liste over noko av det som finst i huset som de

    • vil bruke vidare
    • ikkje vil bruke vidare
    Grunngi vala de gjer. Vêr førebudd på at de kanskje må forsvare val de har gjort, overfor kundane.
  3. Kva vil de gjere med gjenstandar og møblar som skal brukast vidare?
  4. Kva gjer de med gjenstandar og møblar som de ikkje vil bruke?
  5. Foreslå løysingar som gjer at så mykje som mogleg av den eksisterande innreiinga og anna som finst i huset, kan brukast på nytt. Grunngi kvifor de meiner løysingane de vel, er berekraftige.

Lag ein romplan

Lag ein romplan over første etasje der de viser løysingane de har valt. De kan til dømes bruke https://app.diagrams.net/ for å lage ein romplan. Vel «More shapes» i menyen til venstre, og huk av for «Floorplans».

Romplan over ein etasje. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Presenter løysingane dykkar for kundane

De har avtalt å møte kundane i det nye huset for å presentere dei løysingane de vil foreslå.

Presenter romplanen dykkar for kundane. Medelevar kan spele rolla som kundar og kome med oppfølgingsspørsmål undervegs i presentasjonen.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2020

Læringsressursar

Interiørkonsulent