Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk bustadmarknaden

Dei aller fleste har ein plass å bu. Før eller seinare må du sjølv sørgje for å finne ut korleis du kan eller ønskjer å bu. Orienter deg i bustadformidling på nettet, og vel ut ei leilegheit eller eit hus som passar til ønska og behova dine.
Vertikalbustad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Kva behov og ønske har du?

Kva er viktig for deg når du skal velje ein bustad?

Vurder:

  • område
  • bustadtype
  • energiklasse
  • fasilitetar
  • andre kvalitetar?
  • pris
To planteikningar med møblar, nivå ein og to. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Orienter deg i bustadformidling på nett, og vel den framtidige eigedomen din

Det finst fleire digitale marknadsplassar som formidlar bustader, til dømes Eiendom på Finn.no, eller ulike eigedomsmeklarar.

  1. Sjå på ulike bustader, og vel ein eigedom som passar til punkta du sette opp i del 1.
  2. Kva er prisen på bustaden? Er det ført opp felleskostnader i tillegg?
  3. Vil det vere nødvendig med oppussing? Undersøk i så fall kva dette vil koste?
  4. Alle bustader får ein energikarakter som fortel kor mykje energi bustaden bruker per kvadratmeter ved normal bruk. Finn ut kva slags energiklasse bustaden har, og kva dette betyr.
  5. Gå gjennom bileta som presenterer eigedomen.
    Kva vil du gjere for å gi ditt personlege preg på bustaden?
  6. Presenter eigedomen du har valt ut for klassen din. Grunngi kvifor du har valt denne bustaden, og kva moglegheiter du ser.
  7. Gi kvarandre tilbakemelding og drøft kva kriterium de synest er viktige i val av bustad.
CC BY-SASkrive av Elise Marie Eriksen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2020

Læringsressursar

Interiørkonsulent