Hopp til innhald

Fagstoff

Møbelstoff

Kva slags møbelstoff bør du tilrå når du skal hjelpe ein kunde med å planlegge ei heilskapleg interiørløysing? Når du skal ta ut møblar som passar til forslaget ditt, må du vite kva slags materiale som eignar seg.
Oransje sofa med puter i kontrastfargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Møbelstoff blir brukt til å kle alle typar sitjemøblar som er polstra. At eit møbel er polstra, betyr at det er kledd med mjukt materiale som gjer møbelet behageleg å sitje i. Møbelstoffet blir festa over polstringa.

Møbeltapeteserar stopper en lenestol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Martindale slitasjetest

For å vite at eit tekstil er sterkt nok til å brukast som møbelstoff, kan vi sjekke kor mange martindale stoffet har. Martindale er ein slitasjetest som dr. J.G. Martindale fann opp like før andre verdskrigen. I dag blir brukt ei maskin til å teste alle typar tekstilar, klede og teppe. Runde tekstilprøver blir gnidde mot eit standard slitestoff. Maskina tel opp kor mange gnidingar som skal til før det oppstår to trådbrot i stoffet, eller til all luv er borte for luvtekstil. Du kan sjå ein film på YouTube om korleis Martinedale-testen blir gjennomført i eit laboratorium.

Det er forskjell på kor mykje stoffa bør tole, alt etter kvar møblane skal brukast. Derfor kan vi dele inn i ulike kategoriar:

  • private heimar: lett bruk, mellom 10 000 og 15 000 martindale

  • kontor: minimum 25 000 til 35 000 martindale

  • offentlege rom som restaurantar, skular, kino: helst over 50 000 martindale

Ver merksam på at ikkje alle stoff er vaskbare. Det kan òg vere problematisk å velje for lyse fargar til offentlege rom, då desse fort blir skjoldete. Av same grunn kan det vere lurt å velje stoff som er mønstrete eller fleirfarga.

Materialprøver av møblestoff i ulike fargar er plasserte i ein sirkel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fibrar som blir brukte i møblar

Ull

Ull er møbelstoffet som blir mest brukt. Ull er naturleg antibakteriell og naturleg flammehemma. Den antibakterielle motstanden kjem hovudsakleg av at svovel er bunde til proteinet i fiberen. På grunn av dette held stoffet seg reinare enn mange andre typar stoff. At ullstoff òg er naturleg flammehemma er ein fordel dersom det blir brukt i offentlege rom der det kan skje hærverk.

Materialprøver i ull saman med inspirasjonsbilete. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bomull

Bomull blir brukt til trekk ein kan ta av, sidan det fort blir skittent. Bomull blir ofte blanda med ull eller viskose, og bomullsstoff har mindre slitestyrke enn reint ullstoff.

Todelt stol med bølgemønster i blått og kvitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lin

Lin bør ikkje brukast som møbelstoff fordi det er mindre slitesterkt, krøllar lett og er lite elastisk.

Viskose

Viskose har same bruksområda som bomull, men er svakare dersom det blir vått. Viskosefibrar blir ofte blanda med bomull eller ull.

Vove ullstoff i gultone. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nylon

Nylon er slitesterkt og blir derfor blanda med andre fibrar for å auke slitestyrken.

Polyester

Polyester har same eigenskapar som nylon med omtrent same slitestyrke, men polyester krøllar seg mindre enn nylon.

Nærbilete av syntetisk garn i blått. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Akryl

Akryl er meir slitesterkt enn ull og krympar ikkje. Det er likevel svært brennbart, og det blir berre brukt i møbelstoff saman med andre fibrar som til dømes ull.

Skinn og kunstlêr

Skinn, og etterlikninga kunstlêr, er gode materiale for møblar fordi dei er slitesterke og enkle å halde reine. Pass likevel på kva type skinn du vel, sidan det er fleire typar som blir stygge dersom dei får fukt eller feitt frå hender og hovudbotn på seg. Du må derfor setje deg godt inn i dei ulike typane skinn før du tilrår dette til ein kunde. Skinn kan òg fåast i lakkert overflate, men denne overflata kan sprekke over tid.

Brunt skinn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kunstlêr er ei etterlikning av skinn som er rimelegare å kjøpe. Det er òg svært slitesterkt, men kan likevel få rifter og raknar. Kunstlêr blir ofte brukt i offentlege bygg.

Gjenbruk

Eit møbel kan bli som nytt viss det blir trekt om og dei utslitne tekstilane bytte ut. I filmen under får du innblikk i korleis møbeltapetseraren Sofie Pocock arbeider, og korleis ho tenker om materialval.

Relatert innhald

Bruk internett og søk opp ein polstra lenestol frå ein møbelleverandør i proffmarknaden. Sjekk ut kva møbelstoff dei leverer, og vurder ulike kvalitetar.

Tekstil er eit felles namn på tøy og produkt som blir laga ved å bruke tråd eller garn.

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 10.06.2022

Læringsressursar

Materiale i interiør