Hopp til innhald

Fagstoff

Naturstein

Naturstein kan brukast både ute og inne. Overflata på naturstein har meir struktur enn keramiske fliser, og ingen stein er lik. Steinhellene blir ikkje slitne og gir ei eksklusiv kjensle der dei blir brukte. Dei er frostsikre og har høg sklisikkerheit.
Nærbilete av naturstein. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skifer

Det finst fliser av stein som er henta frå skiferbrot i naturen. Dette kallar vi ofte skifer.

Dei ulike skifertypane får namn etter kvar dei blir henta frå, til dømes altaskifer, ottaskifer, oppdalskifer. Nokre av dei ulike skiferbrota har heilt spesielle fargespel som viser kvar skiferen kjem frå.

Eit steinbrot der skiferheller blir utvunne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Marmor

Ein annan populær type naturstein er marmor. Denne steinen blir brukt mykje i inventar. Du bør vere obs på at kvit marmor ikkje er heilt forsegla i overflata slik glaserte fliser er. Dermed kan marmoroverflata få flekkar. Marmor blir ofte importert frå utanlandske steinbrot, men det finst òg norske marmorbrot.

Overflate av marmor, kvit stein med mørkt mønster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Overflatebehandling

Dei vanlegaste overflatebehandlingane på naturstein er finslipt, polert eller børsta:

  • Finslipt naturstein får ei jamn og glatt overflate, og det blir ofte brukt på golv, benkar og i trapper.

  • Polert naturstein får ei meir speglande overflate som i kontakt med vatn kan bli svært glatt. Det eignar seg derfor ikkje like godt på golv i våtrom eller entré, sidan desse kan vere utsette for vassøl.

  • Børsta naturstein har ein meir ru og ujamn overflate. Desse flisene vil vere meir sklisikre og eignar seg til dømes godt i gangen og utandørs. Børsta natursteinsflis kan vere noko vanskelegare å reingjere fordi porene tek til seg skitt og støv. Denne typen flis kan derfor behandlast med ein vernande porefyller før han blir teken i bruk.

Vedlikehald

I valet mellom ulike steintypar til ulike rom og bruksområde bør du sjekke kor godt steinarten toler kjemisk påverknad i vaskemiddel. På dei fleste flisene av naturstein blir det ofte tilrådd å bruke reingjeringsmiddel tilpassa natursteinstypen du har valt. Nokre typar naturstein bør impregnerast jamleg for å tette porer i overflata.

Berekraft

Så lenge prosessen med å ta ut skifer er gjort i samsvar med berekraftsmåla, vil skifer vere eit svært berekraftig interiør- og eksteriørmateriale. Skifer har ein klassisk flott utsjånad som aldri går av moten, og som ein sjeldan blir lei av. Skifer toler smuss og søl og mykje tråkk, og har ei levetid på hundrevis av år.

Gammalt gardstun med skifer og gras på taket. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Flisekompaniet. (u.å.). Naturstein. https://www.flisekompaniet.no/fliser/naturstein/?gclid=EAIaIQobChMIsIa62_yM-AIVuEeRBR3Kkw2gEAMYAiAAEgIf0vD_BwE

Minera. (u.å.). Skifer. https://mineraskifer.no/

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2022

Læringsressursar

Materiale i interiør