Hopp til innhald

Fagstoff

Keramiske fliser

I nokre rom kan det vere flott og formålstenleg å bruke fliser. Når du vel fliser, er det ein del omsyn du må ta. Her får du ei innføring i bruksområde og keramiske fliser som materiale.
Keramiske fliser på veggen i eit baderom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Keramiske fliser

Keramiske fliser er laga av brunnen leire og er hardføre og slitesterke som golv- og veggmateriale. Det er stort utval i keramiske fliser, både i fargar, mønster og storleikar. Flisene kan vere gjennomfarga eller ha farge eller eit trykk av eit mønster på overflata.

Dei aller rimelegaste flisene har standard storleik, ofte 20 x 20 cm eller 30 x 30 cm. Desse er gjerne kvite eller grå. Mange fliser etterliknar mønsteret til skifer og stein. Fliser med mønster har ofte ein repetisjon i mønsteret. Repetisjonen blir ofte gjenteken i rimelegare fliser, mens dyrare kvalitetar har meir variasjon.

To baderomsløysingar med bruk av keramiske fliser. Foto.

Bruksområde

Keramiske fliser kan stort sett brukast overalt, men i Noreg har det vore tradisjon for å bruke fliser på golv og veggar i våtrom, eventuelt berre i våtsoner ved dusj og badekar. I våtrom må det vere ein membran under flisene. Flisene som blir brukte på golvet, bør vere av god kvalitet sidan dei må tole meir enn veggfliser.

I tillegg til i baderom eignar fliser seg òg svært godt i kjøkken og i inngangsparti der det kan bli fuktig på grunn av våte sko. Fliser er òg mykje brukt som golvmateriale i kontorbygg, i garderobar, kjøpesenter og butikkar.

Kjøkkeninnreiing med keramiske fliser og skapfrontar i tre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokre stader må vi tenke på sklisikkerheit. Dette kan vere ved eit basseng, i dusjrom eller andre stader der det blir vått og ein lett kan skli. Det finst eigne tabellar for å sikre at flisene passar til formålet.

Vedlikehald

Fliser er enkle å halde reine. PH-nøytrale vaskemiddel blir tilrådde til dagleg reinhald, då såpe og vatn kan lage ei hinne og skjoldar på overflata. Dersom fugen blir misfarga, kan vi kjøpe spesialreinsemiddel for dette.

Fliselegging

Det kan vere greitt å kjenne til korleis ein fliseleggar arbeider når vi planlegg bruk av fliser i interiør. Når vi set opp fliser, får vi ei fuge mellom flisene. Ein murar som skal montere flisene dine, spør ofte om kva fugebreidde du vil ha mellom flisene. Mange synest det er mest elegant å berre ha nokre få millimeter fugebreidde. Dersom du vel ein fargetone som er lik flisa, blir fugen mindre synleg enn om du vel ein mørkare farge.

For å vise ein fliseleggar nøyaktig korleis du vil at flisene skal leggast, kan du lage ein fliseplan. I tillegg til å planlegge mønster bør du her tenke over at du startar og stoppar med ei like stor flis. For å få til dette er det lurt å finne midten av rommet på teikninga di og velje anten ein fuge eller midt i ei flis i midtpunktet.

Golvplan der plassering av fliser er teikna inn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Fliselagt bad med dobbel servant, vegghengt toalett, innebygd badekar og dusjsone. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Øv deg på å lage ein enkel golvplan for korleis du kan legger fliser i eit valfritt rom.

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2022

Læringsressursar

Materiale i interiør