Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein fliseplan

Når vi jobbar med store bygg med ulik golvbehandling, kan det vere nyttig med ei oversikt over kva materiale vi ønsker å bruke i dei ulike romma i bygget. Øv deg på å lage ein enkel fliseplan, og planlegg korleis du kan legge fliser på golvet i eit valfritt rom.
Interiør med flislagt golv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fliseplan

Ein fliseplan skal ikkje ha med lause møblar, berre informasjon om flisemønster og inndeling. Fastmontert inventar som får konsekvensar for fliseinndelinga, skal vere med på fliseplanen, til dømes toalett, badekar eller dusjsone.

I samband med planlegginga av mønster bør du tenke over at du startar og stoppar med ei like stor flis. For å få til dette er det lurt å finne midten av rommet på teikninga di og velje anten ein fuge eller midten på ei flis som midtpunkt.

  1. Vel eit rom du vil flislegge. Det kan til dømes vere ein gang.

  2. Bruk ei planteikning du har teikna opp i målestokk.

  3. Finn ei flis du ønsker å bruke i rommet ditt, hos ein fliseleverandør. Bruk internett eller besøk ein lokal leverandør.

  4. Finn rett mål på flisa.

  5. Finn midtpunktet i rommet.

  6. Prøv deg fram med inndeling av flisene slik at det blir fin og symmetrisk inndeling langs alle veggar.

  7. Lag først skisse på gjennomsiktig skisse- eller kalkerpapir før du teiknar inn på planteikninga di.

Golvplan der plassering av fliser er teikna inn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fordjuping

Viss du vil ha ei utfordring, kan du lage eit interiørforslag med fliser i eit digitalt teikneprogram.

Fliselagt bad med dobbel servant, vegghengt toalett, innebygd badekar og dusjnisje. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Interiørløysing i eit baderom, sett frå sida. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 27.06.2022

Læringsressursar

Materiale i interiør