Hopp til innhald

Fagstoff

Tremateriale i interiør

Korleis kan du sjå forskjell på ulike tresortar, og kva eigenskapar har dei? Vi skal sjå på vanlege tremateriale i interiør. Denne kunnskapen kan hjelpe deg når du skal tilrå kva overflater kundar bør ha på inventaret sitt.

Tresortar

Bartre

Dei vanlegaste tretypane vi bruker til å bygge med, er furu og gran. Dette kan vere fordi det tradisjonelt sett har vore mykje av desse treslaga i landet vårt. Både furu og gran har vorte mykje brukt til golvplank og panel på vegg. Mange hytter har ofte synleg furu eller gran i romma. Furu og gran er relativt mjuke treslag, og golv i dette trematerialet får ofte hakk og merkar etter skohælar.

Lauvtre

Eik, bjørk, ask, bøk, kirsebær og valnøtt er tretypar som har vorte brukte mykje i inventar. Eik har vore populært dei siste åra. Det blir rekna som ein av dei hardaste tresortane og eignar seg derfor godt som golvmateriale. Eik blir òg brukt mykje i anna inventar.

Valnøtt er eit mørkt treslag. Mange av dei mørke treslaga er regnskogtre. Vi må unngå tremateriale som kjem frå trua skogsområde.

Materialprøver av ulike treslag stilte opp på høgkant. Dei er i ulike fargar, og høgre del er mørkare på alle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk heilskapleg

Sidan dei ulike treoverflatene har ulike kvalitetar og fargar, er det smart å sjå på ein heilskap med materiale, fargar og belysning når du planlegg eit interiørforslag. Då må du kunne skilje mellom dei ulike treslaga.

Moderne interiør med dekorative trespiler på veggen og sitjegrupper på lilla vinylbelegg. Foto.

Relatert innhald

Tre er eit levande materiale med mange bruksområde. Lær om eigenskapane til treet, tørkeprosess, fiberretning og om ulike tresortar.

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 10.06.2022

Læringsressursar

Materiale i interiør