Hopp til innhald

Fagstoff

Tapet

Tapet er fellesnamn på belegg som blir limt på veggen. Det kan ha ulik kvalitet og ulik struktur. Tapetvalet bør tilpassast bruken av rommet.
Sittegruppe i eit rom med mønstra tapet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tapet

Tapet er fellesnamn på belegg som blir limt på veggen. Materiale i tapetet kan vere papir, vinyl, tekstil, glasfiber og metall. Det kan ha ulik kvalitet og ulik struktur.

Vel kvalitet ut frå funksjon og klima der du skal bruke tapetet. Papirtapet som toler lite, bør ikkje bli brukt i rom med mykje trafikk, belastning eller fare for søl, som til dømes i ein yttergang. Der bør du heller bruke vinyltapet som toler mykje meir og er vaskbar. Sidan tapte med vinyl toler vatn, blir han gjerne brukt på bad.

Tapetrullar. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tapet med struktur som er berekna som underlag for måling, blir kalla OverMalbarTapet (OMT). Dette kan vere laga av glasfiberstrie eller papir.

Oppsetjing av tapet

Ved oppsetjing av tapet er det viktig at vi har sjekka Path-nummeret [Modell/Varenr.: Path - XX] på tapetet, slik at vi veit at dei tapetrullane vi har, kjem frå same produksjonsserie. Då unngår vi å få små fargeforskjellar på tapetrullane. Vi bør også alltid lese vedlegget som er med tapetet. Her er det mange viktige opplysningar om tapetet og om sjølve oppsetjinga. Skal limet på vegg, på tapetet, skal tapetet endesnuast, eller er det rapport(boks), og kva slags limtype er tilrådd?

Tapetet festar vi med klister som vi påfører veggen før vi festar tapetet. Nokre tapet er påført klister når dei er produserte. Kvar bane blir då oppbløytt i vatn, før ho blir hengt opp på veggen.

I mange tapet følgjer vi mønster, og vi bør berekne avkapp ved montering.

Historisk tilbakeblikk

Historisk sett har tapet vorte brukt innanfor mange stilretningar, og ny tapt med riktig stiluttrykk kan understreke alderen i huset. Etter fleire år med stilretninga minimalisme – der tapet har vore upopulært – har vi no gått inn i ein maksimalistisk stilretning der tapet er svært tidsriktig.

Hotellrom med mønstra tapet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Magne Vågsland og Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2019

Læringsressursar

Materiale i interiør