Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utvikle prisstrategi for Trøll

I denne oppgåva skal du utvikle ein prisstrategi for den fiktive drikken Trøll.

Situasjonsbeskriving

Tenk deg at du nyleg har fått jobb i marknadsavdelinga hos Trøll, der Mette er marknadsansvarleg. Prisstrategien er ein del av , og Mette ønsker no at de i marknadsavdelinga skal setje i gang arbeidet med prisstrategien for drikken Trøll.

Trøll skal vere ein sunn drikk for unge menneske med ein aktiv livsstil. Drikken skil seg dermed ut frå fleire av konkurrentane, som tilbyr drikkar som inneheld mykje sukker, koffein og andre tilsetningsstoff.

Oppgåve

  1. Drøft eksterne faktorar som vil påverke prissetjing av Trøll. Set eigne føresetnader.

  2. Kva slags overordna prisstrategi meiner du dei bør nytte? Grunngi.

  3. Kva prissetjingsmetode vil du anbefale? Grunngi.

  4. Kva slags psykologisk prissetjing, om nokon, meiner du dei bør nytte seg av? Grunngi.

  5. Foreslå ein rettleiande pris. Grunngi forslaget ditt.

Relatert innhald

Korleis bør vi gå fram når vi skal utvikle ein prisstrategi for verksemda? Rett pris er avgjerande for lønnsemd og kan òg vere viktig for omdømmet.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2023

Læringsressursar

Prisstrategi