Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Prissetjing av Tores hundepass

Kor mykje er kundar villige til å betale for Tores hundepass?

Situasjonsbeskriving

Tore er ein erfaren og lidenskapeleg hundeelskar som har starta verksemda Tores hundepass, ei fiktiv nyetablert verksemd, som skal tilby hundepass i Oslo. Tore ønsker å tilby kvalitetspass av store hundar i Oslo-området.

Desse hundane har ofte unike behov som krev ekstra merksemd og tilpassing frå hundepassaren. Nokre døme på slike behov kan vere:

Ekstra lang tur
Nokre hundar treng meir mosjon enn andre for å halde seg sunne og glade. Tore vil tilby lange turar i skog og mark, der hundane kan utfolde seg fritt og utforske naturen.
Ekstra merksemd
Nokre hundar er meir sosiale og leikne enn andre og treng meir stimulering og interaksjon med menneske og andre hundar. Tore vil tilby varierte aktivitetar som ballspel, agility, lydnadstrening og kos.
Godt pass i samkvem med andre hundar
Nokre hundar er meir dominante eller engstelege enn andre og treng å bli handterte med varsemd og respekt når dei er saman med andre hundar. Tore vil gi individuell oppfølging og tilpasse gruppesamansetninga etter personlegdommen og behovet til hundane.
Hyppig tur
Nokre hundar har høgt stoffskifte eller lita blære og treng å gå på do oftare enn andre hundar. Tore vil tilby hyppige turar og sørge for at hundane har tilgang til reint vatn.

Tore meiner at Tores hundepass har noko unikt –noko ekstra som andre ikkje tilbyr –nemleg det å vere ekstra god på store hundar og tilpassing av behova til desse. I samband med dette ønsker Tore hjelp til å identifisere denne verdien, og til å finne ut kva for kundar dette er viktig for.

Oppgåve 1

Forklar kva som er meint med verdi og gjer greie for kva som ligg i verdibasert prissetjing.

Oppgåve 2

  1. Gjennomfør ein økonomisk verdianalyse for Tores hundepass ved hjelp av ein såkalla EV-analyse (Economic – Value – Estimation). Sett eigne føresetnader der det er nødvendig.

EV-analyse i fem trinn
  1. bestemme målgruppe

  2. kartlegge konkurrerentar

  3. kartlegge differensieringseigenskapar

  4. talfeste ekstra verdi for kunden

  5. berekne pris

  1. Bør Tore nytte seg av psykologisk prissetjing? I så fall –kva verkemiddel ville du ha anbefalt? Grunngi.

  2. Vil du anbefale Tore å bruke rabatt-og bonusordningar? Grunngi forslaga dine.

  3. Kva slags prisdifferensiering, om noka, meiner du kan vere formålstenleg å nytte seg av? Grunngi.

  4. Kor mykje trur du kundar vil vere villige til å betale for Tores hundepass? Forslå ein rettleiande dagspris og grunngi forslaget ditt.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2023

Læringsressursar

Prisstrategi