I denne oppgåva skal du drøfte ulike faktorar som påverkar prissetjing, og anbefale ein prisstrategi for den fiktive verksemda Bees of Norway. Denne skriveoppgåva eignar seg som eksamenstrening.
Tenk eksamenstrening
Denne oppgåva eignar seg som øving til ein eventuell skriftleg eksamen. På eksamen har du 5 timar til rådigheit. Oppgåva svarer til éin av tre oppgåver på eksamen og eignar seg derfor til ein dobbelttime.
Retningslinjer for skriftleg eksamen
Hjelpemiddel er tillatne, men det er ikkje tillate å kommunisere med andre på nettet eller på andre måtar under eksamen.
Du har tilgang til eit avgrensa utval nettbaserte hjelpemiddel på eksamen, men ikkje internett elles. Du vil mellom anna ha tilgang til læringsressursar på NDLA. Sjå elles oversikt over nettressursar til eksamen –Vigo IKS.
Det er ikkje tillate å nytte automatisk tekstgenerator som praterobot (chatbot) eller tilsvarande teknologi.
Situasjonsbeskriving
Tenk deg at du er marknadsansvarleg i den fiktive norske verksemda Bees of Norway som skal starte produksjon og sal av økologisk honning. Bees of Norway vil bidra til å fremme god biehelse og følge strenge krav til dyrevelferd, berekraft og sporbarheit. Verksemda har mellom anna sett seg som mål å skape eit godt omdømme og ein lojal kundebase i Noreg, samtidig som dei ønsker å jobbe for å ekspandere til den internasjonale marknaden.
Verksemda ser for seg å selje produkta sine både på nett og i fysiske butikkar. På nettet vil dei ha ein eigen nettbutikk der kundane kan bestille honning direkte eller abonnere på faste leveransar. I tillegg ønsker dei å samarbeide med andre nettbutikkar som sel økologisk mat og drikke. Bees of Norway håper å få innpass i dei store daglegvarekjedene, og dei vil jobbe for å få produkta sine på plass i helsekostbutikkar og delikatesseforretningar.
Skriveoppgåve
Drøft ulike faktorar som påverkar prissetjing og anbefal ein prisstrategi for Bees of Norway.
Nedanfor finn du stikkord som kan vere til hjelp i drøftinga og tips til skrivinga.
Stikkord som kan vere til hjelp i drøftinga
Kostnadsstruktur
Betalingsviljen til kundane
Tilbod og etterspørsel i marknaden
Priselastisitet
Offentlege avgifter og reguleringar
Konkurransesituasjonen og maktforhold
Prissetjing i ulike marknader:
den norske forbrukarmarknaden
den internasjonale marknaden
Prissetjing på nett
Utvikle prisstrategi:
Tips til skrivinga
Les oppgåva og situasjonsbeskrivinga nøye og sikre deg at du forstår kva oppgåva ber deg om å gjere.
Svar presist og relevant på det oppgåva ber deg om.
Merk deg handlingsverb i oppgåva, slik at du drøfter der du blir beden om å drøfte og så vidare.
Bruk og definer relevante fagomgrep.
Jobb med å skape ein god struktur.
Bruk formålstenlege kjelder og siter og vis på ein etterprøvbar måte.
Bruk relevant fagstoff, faktainformasjon og refleksjon for å komme fram til og underbygge grunngivingar, framheve poeng og komme med tilrådingar. Gjer greie for val du tek undervegs i svaret.
Kva pris som gir best lønnsemd, blir påverka av interne forhold som verdien av produktet og kostnadsstrukturen for verksemda og mange eksterne forhold.