Prissetjing av frosne burgarmenyar
Sjå føre deg at du jobbar i marknadsavdelinga for McDonald's Noreg saman med mellom anna Tina. Det siste året har de jobba målretta med marknadsstrategien.
Den nyaste idéen til Tina er frosne burgarmenyar som kan varmast opp i mikrobølge- eller steikeovn. Ho ønsker at målgruppa skal få eit tettare forhold til McDonald's ved at dei òg kan kjøpe produktet i vanlege matbutikkar, for så å varme det opp og ete det heime. Med andre ord – enkle middagar for éin eller fleire personar.
Det er dei klassiske menyane "Big Mac", "Quartar Pounder" og "Happy Meal" (altså burgar, pommes frites og eventuelt ei lita leike) som Tina meiner bør prøvelanserast.
Oppgåve 1
Drøft og grunngi om du ville ha vore positiv til Tinas idé og råda McDonald's til å satse på frosne burgarmenyar eller ikkje.
Oppgåve 2
Sjå for deg at McDonald's vel å planlegge ei prøvelansering. Drøft ulike faktorar som vil påverke prissetjing av dei frosne burgarmenyane.
Oppgåve 3
No skal du utvikle ein prisstrategi for dei frosne burgarmenyane.
Relatert innhald
Korleis bør vi gå fram når vi skal utvikle ein prisstrategi for verksemda? Rett pris er avgjerande for lønnsemd og kan òg vere viktig for omdømmet.