Studer fargekartet
Kodane er laga slik at vi skal vite kva tonehøgd og kva fargenyansar ein farge inneheld. Det første talet angir tonehøgda, det vil seie kor lyst eller mørkt håret er. Tala eller bokstavane som kjem etterpå, beskriv fargen.
Figur 1 viser ein skala med dei fargane i eit hår som er synlege for auget. Trinna i skalaen angir kva tonehøgd håret har – 2 er den mørkaste naturfargen, og 10 er den lysaste naturfargen.
Skalaen i figur 2 er ein oversiktstabell som viser dei pigmenta som finst i håret, men som vi ikkje ser.
Gå saman to og to og studer fargekartet.
- Finn naturserien i fargekartet. Kva tonehøgd har hårfargen dykkar?
- Kan de finne ein farge i naturserien som er lik etterveksten til ein medelev? Kva heiter fargen, og kva tyder fargekoden?
- Finn de andre fargar i kartet som er like hårfargen dykkar? Kva heiter dei, og kva tyder kodane?
- Sjå i fargesirkelen på baksida av fargekartet, eller i fargesirkelen som høyrer til fargesystemet dykkar. Kvar i fargesirkelen ligg fargane de har funne? Kva for nokre underliggjande pigment har de i håret?
Relatert innhald
Ein frisør som har kunnskap om hår og hårfarge, kan bruke dette til å fremme stilen, velværet og trivselen til kunden.
Kunnskap om komplementærkontrast er viktig når ein frisør skal lysne eller farge eit hår.