Hopp til innhald

Fagstoff

Komplementærkontrast i frisørfaget

Når du som frisør skal lysne eller farge eit hår, må du nokre gonger korrigere håret for å fjerne uønskte pigment eller leggje inn nokre ekstra pigment for at fargen skal bli rett. Då må du kjenne til komplementærkontrast.
Fargesirkel med primærfargane gul, raud og blå som utgangspunkt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Komplementærkontrast

Ittens fargesirkel med pil mellom to fargar som ligg rett overfor kvarandre. Illustrasjon.

Komplementærkontrast er den mest brukte kontrasten innanfor fargebehandling. Ein komplementærkontrast består av to fargar som ligg overfor kvarandre i Ittens fargesirkel.

Om du som frisør skal lysne eller farge eit hår, må du nokre gonger korrigere håret for å fjerne uønskte pigment eller leggje inn nokre ekstra pigment for at fargen skal bli rett.

Fargeskalaer i frisørfaget

Nedanfor ser du 3 fargeskalaer som du må kjenne til som frisør.

Figur 1 viser ein skala med dei fargane i eit hår som er synlege for auget. Skalaen i figur 2 er ein oversiktstabell som viser dei pigmenta som finst i håret, men som vi ikkje ser. Skalaen i figur 3 viser komplementærkontrasten, eller fargepigmenta vi bruker når vi korrigerer fargar og tilpassar fargeblandingar.

Om du samanliknar desse to siste skalaene med fargesirkelen, kan du sjå at det er dei same fargane som ligg overfor kvarandre. Fargane som dannar ein komplementærkontrast, kan ha to eigenskapar: Dei kan anten framheve kvarandre eller nøytralisere kvarandre.

Døme 1

På bileta ovanfor er komplementærkontrasten gul–lilla brukt som ein effekt. Her blir effekten sterk fordi desse fargane framhevar kvarandre når dei står ved sida av kvarandre.

Døme 2

Skal du derimot farge eit hår lys blondt med ein kald nyanse, må du bruke den same komplementærkontrasten til å nøytralisere. Når du bleikjer eit hår, kjem det gule pigment fram. Sidan du ønskjer ein kald farge, må du fjerne dei gule pigmenta. Då vel du ein lys farge i fargeskalaen med lilla pigment. På den måten blir resultatet lyst, kaldt og nøytralt. For å halde ved like ein slik kald farge kan kunden kjøpe med seg sjampo og kurprodukt med lilla pigment til å fylle på med heime.

CC BY-SASkrive av Anita Nordtveit Ekrene.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2020

Læringsressursar

Ittens fargelære