Hopp til innhald

Fagstoff

Fargeklangar

Fargesirkelen kan hjelpe deg til å finne gode fargesamansettingar. Itten brukte treklangar og firklangar til å finne fargeharmoni.
Fargesirkel med trekantar og firkantar i senter. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I musikk er det ulike tonar, klangar og rytme. Slik er det også med fargar.

Fargeharmoni

Du har sikkert opplevd at somme fargesamansettingar kan verke behagelege, mens andre kan vere ubehagelege eller ikkje ha nokon verknad på oss. Korleis kan vi forklare dette?

Itten beskriv at vi opplever fargane som har ein regelmessig samanheng, som behagelege. Desse fargekombinasjonane kallar han harmoniske. Mens fargar som ikkje kan bli plasserte i system i forhold til kvarandre, verkar ubehagelege eller likegyldige. Ut frå dette kan vi seie at orden skaper harmoni.

Med utgangspunkt i fargesirkelen kan du finne harmoniske fargeklangar. Itten plasserte ein trekant inne i midten av sirkelen. Ved å dreie på han, fann Itten treklangar. På same måte fann han firklangar ved å dreie på ein firkant.

Treklang

Fargesirkel der rein gul, raud og blå er framheva. Illustrasjon.

Likesida trekant

I ein likesida trekant er alle sidene like lange. Dersom du klipper ut ein likesida trekant som rører den gule, raude og blå fargen i fargesirkelen, kan du finne treklangar. (Ein slik treklang blir også kalla triade.)

Ved å dreie på trekanten, vil spissane peike på tre fargar som står like langt frå kvarandre i fargesirkelen. Den sterkaste treklangen består av primærfargane: rein raud, gul og blå. Dette kan du lese meir om i fargane sin eigenkontrast.

To fargesirklar der ulike treklangar blir framheva. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Fargesirkel der grønt, raudlilla og raudoransje er framheva. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Likebeint trekant

I ein likebeint trekant er to av sidene like lange. Viss du klipper ut ein likebeint trekant som rører ved den gule, raudlilla og blålilla fargen i fargesirkelen, kan du finne ein annan type treklang.

Ein slik treklang blir også kalla ein utvida komplementærkontrast. Grønt og raudt er eit komplementært fargepar. Dei står tvers overfor kvarandre i fargesirkelen. Ved å bruke dei to nabofargane til den eine fargen, får vi ein utvida komplementær kontrast.

Firklang

Du kan finne ein firklang med utgangspunkt i eit rektangel eller kvadrat som du plasserer inne i sirkelen. Fargane som ligg ved hjørna på firkantane, vil kunne klinge fint saman. Firklangar består av to komplementære fargepar. Denne fargesamansettinga gir harmoni og styrke, men ikkje same styrke som i ein treklang.

Kvadrat

Eit kvadrat har like lange sider. Det kan du bruke til å finne fire fargar som ligg like langt frå kvarandre i fargesirkelen.

Rektangel

I eit rektangel er to og to motståande sider like lange. Fire fargar som er plasserte som eit rektangel i fargesirkelen, vil også gi ei harmonisk fargesamansetting. Men denne typen firklang gir mindre styrke enn ein firklang ut frå kvadratet.

Tre fargesirklar der firklangar er framheva. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mindre metting

For å dempe komplementærkontrastane eller treklangane kan du blande den eine eller alle fargane med svart, kvitt og grått. Då får du mindre metta fargar og kan lage harmoniske uttrykk der fargane ikkje blir så intense saman.

Samanstilling av fargebruk i to blomstrar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I illustrasjonane over er dei same grunnfargane frå fargesirkelen brukt, men på den til høgre har fargane blitt dempa fordi dei er blanda med gråtonar.

Kjelde:

Itten, Johannes (1995). Farvekunsten og dens elementer. Oslo: Forsythia forlag.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2019

Læringsressursar

Ittens fargelære