Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag Ittens fargesirkel og to valørskalaer

Johannes Itten var målar, designar og kunstpedagog i Bauhaus-skulen. Det var ein skule som tenkte heilt nytt om kunst, design og arkitektur. Ittens fargesirkel hjelper oss å tenke systematisk om fargar og fargebruk. No skal du lage din eigen plakat med fargesirkelen og to valørskalaer.
Fargesirkel forklart i biletteksten. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ordforklaringar

Bauhaus-skulen
var namnet på ein skule for arkitektur, design og kunsthandverk i Tyskland. Skulen eksisterte frå 1919 til 1933.
Valør
er lysheitsgraden i ein farge.
Skala
er ei rekke med trinnvise overgangar.
Mal
er ei arbeidsteikning som gir omrisset til forma du vil lage.
Sjablong
blir brukt for å lage nøyaktige og gjentakande former. Du kan bruke papir eller papp og skjere ut forma du vil teikne opp eller måle. Dette gjer det lettare å få rett form raskt.
Fargeflate
er eit avgrensa område som er fylt med farge. Når du rammar inn eit område du har måla med ein farge, får du ei fargeflate.

Utstyr

  • Teiknepapir: A3-format

  • Akrylmåling eller gouache:

    • primærfargane: gul, raud og blå

    • kvit og svart

  • Penslar

  • Tapetkniv og stållinjal

Del 1: Lag Johannes Ittens fargesirkel

Ei god forståing for eigenskapane til fargane hjelper deg i arbeidet med kunst-, design- og arkitekturoppgåver. Du kan bruke primærfargane gul, raud og blå for å blande alle dei andre fargane i sirkelen.

I denne oppgåva skal du lage din eigen plakat med fargesirkelen. Du lagar ferdig alle delane først. Då har du alt klart til å lage plakaten. Ta vare på fargesirkelen din slik at du kan bruke han i seinare oppgåver.

Bland fargane og sett saman sirkelen

Du skal no lage ein fargesirkel som er 25 x 25 cm, på eit ståande teiknepapir i A3-format.

Utskrift

Du kan skrive ut ein modell for korleis plakaten blir. Arbeidsteikning og ark med malar for dei ulike delane finn du her:

Last ned fargesirkelplakat, arbeidsteikning og malar

Kontrollmål at sirkelen er 25 x 25 cm på utskrifta. Viss måla på utskrifta er rette, kan du bruke måla slik dei er i arbeidsteikninga. Viss ikkje, bør du sjekke innstillingane for utskrift. Ikkje vel "Tilpass side" i utskriftmenyen.

Blå, raud (magenta) og gul måling i tubar frå produsenten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Måling

Bruk akrylmåling eller gouache. Du skal blande og måle fargane på større flater på eigne ark. Start med rein gul og jobb med to primærfargar. Hugs at den raude primærfargen i midten av sirkelen skal ha litt gult i seg viss du startar med magenta. (Sjå biletet og biletteksten over.) Når du skal blande fargane i blått og fiolett, skal du ikkje bruke gult. Viss du bruker gult i dei, blir dei brunlege.

Fargefelt sett opp som eit reknestykke: blå + raud + gul = gråbrun. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ver nøye med både farge og konsistens på målinga. Målinga skal vere litt kremaktig og stroka skal vere lange og jamne. Det er lurt å måle med strok i kryssande retning. Ta vare på arka du har måla på. Det kan vere du treng å lage ei erstatning av nokre fargeflater.

Sjablong

Skjer ut formene du skal bruke, frå utskrifta av malen. Bruk opningane i arket til å streke opp dei fargeflatene du treng. Vel ein stad på arket som har jamn farge og overflate. Skjer ut forma du har streka opp, ved hjelp av tapetkniv og stållinjal.

Måla flate med gulfarge på eit ark. Over ligg ein sjablong og ein blyant. Det er teikna opp former etter sjablongen på den måla flata. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fargeflate

Bland fargane slik dei blir viste i fargesirkelen. Gjer deg ferdig ein fjerdedel om gongen. Samle alle fargeflatene på éin stad før du begynner å lime dei på arket.

Tilskorne bitar av papir måla i gult, raudt, blått og fiolett er plasserte laust over ei arbeidsteikning av fargesirkelen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Plasser fargeflatene på arket utan å lime dei fast. Sjekk at dei er på rett plass, har den rette fargetonen, og at dei er av god kvalitet.

Monter fargeflatene

Når du ser at det blir rett, er det tid for å montere alle bitane inn på plakaten. Bruk arbeidsteikninga for å streke opp hjelpelinjer på rett plass. Det er verd å merke seg kvar midten av fargesirkelen er. Han blir vist som eit kryss av stipla linjer på arbeidsteikninga.

Valørskalaen nedst på plakaten er oppgåva som er beskriven i del 2. Studer arbeidsteikninga for å forstå kvar dei enkelte delane høyrer heime. Tittel kan skrivast med dekorativ skrifttype, anten for hand eller ved hjelp av digitale hjelpemiddel.

Lim

Når du skal påføre lim, er det lurt å gjere dette utanfor det arket du monterer fargeflatene på. Då kan du unngå å få limsøl på plakaten din. Bruk eit papir til å verne pulten din mens du tek på limet. Jamne, tynne lag med lim på baksida av fargeflatene er best.

Plasser kvar fargeflate på rett stad. Juster og kontroller før limet tørkar.

Del 2: Bland ein farge med kvitt og svart for å få ulike valørar

Valør er lysheitsgraden i ein farge. I denne delen av oppgåva skal du lage to valørskalaer av ein farge du vel. Det vil seie at du skal lage trinnvise overgangar og gjere fargen gradvis lysare og mørkare. Her er det lettast viss du vel ein primærfarge, sidan han er ferdig blanda frå produsenten.

To rader med kvadrat som viser gulfargar i ulike nyansar. Øvste rad viser kvadrat frå rein gul til ein lys gulkvit. Nedste rad viser kvadrat farga frå rein gul til ein mørk, grønleg gul. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvar bit i valørskalaen du skal lage, er 3 cm x 3 cm. Bruk same sjablongteknikk som for fargesirkelen, men teikn opp kvadratet sjølv.

Gjer fargen lysare

Start med den valørskalaen som går frå rein farge til blandingar med meir lysheit mot kvitt. La det vere sju trinn frå den reine fargen til den lysaste valøren. Start med å måle ei flate med den reine fargen. Bland inn litt kvitt i fargen, og mål ei ny flate med denne valøren. For neste valør, blandar du inn endå meir kvitt. Mål med denne. Hald fram slik til du har sju valørar frå rein farge til ein veldig lys valør av denne.

Gjer fargen mørkare

Tilsvarande skal du jobbe fram ein valørskala for dei mørke valørane. Start med den reine fargen og mål flata på eige ark. Bland inn litt svart måling for den første nye valøren og så vidare. Ver merksam på at det skal veldig lite svart måling til før fargen forandrar karakter. Du kan alltids legge til meir svart i fargen, men du kan ikkje ta ut svart frå fargen når det først er blanda inn. Prøv deg fram med litt og litt svart.

Monter valørskalaene

Bruk same teknikk som i fargesirkelen. Liminga gjer du først når alt er ferdig måla, og alle bitane ligg klare.

Reflekter og diskuter to og to

  • Kva er formålet med å lære om fargelære og fargesirkelen?

  • Korleis kan kunstnarar dra nytte av denne kunnskapen?

  • Korleis kan fargar påverke oss kjenslemessig? Vel ein farge frå fargesirkelen og beskriv kva kjensler eller stemningar han kan uttrykke.

Relatert innhald

Ei innføring i Ittens fargesirkel og omgrepa primær-, sekundær- og tertiærfargar.

CC BY-SASkrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2024

Læringsressursar

Ittens fargelære