De får namnet på ei kjensle, samtidig som det blir spelt musikk som kan forsterke denne stemninga. Lev deg inn i musikken, og undersøk korleis fargar og kjensler kan påverke kvarandre. La kjensla vere utgangspunkt for å måle abstrakte, spontane fargekomposisjonar.
Abstrakte, spontane fargekomposisjonar
Utstyr
Penslar, svampar og vassbasert måling
Papirformat: 15 cm x 15 cm
Tips til læraren
Forslag til kjensler elevane kan få som stikkord:
sinne, lykke, redsle, kjærleik eller forelsking, sjalusi, mismod, nyfikne og omsorg eller empati.
Finn musikk som kan forsterke stemninga til kvar kjensle.
Musikk som vart brukt ved Vågen videregående skole:
Musikk som kan forsterke kjensle av sinne:
Patrick Topping & Kevin Sauserson: Frisk
Pantera: Walk
Metallica: Blackened
Kvelertak: Trepan
Musikk som kan forsterke kjensle av lykke:
Yann Tiersen: Les jours tristes, Les deux pianos & I've Never Been There
Happy Jazz: Happy Jazz
Crisp Nibblets: Circular
Tinlicker & Robert Miles: Children
Dave Thomas: Walking Dream
Musikk som kan forsterke kjensle av redsel:
Joseph Bishara: the Conjuring
Steve Jablonsky: Freddy´s Coming For You, Main Title, Dinner & Epilogue
John Carpenter: Theme for The Fog
Musikk som kan forsterke kjensle av kjærleik eller forelsking:
Sleeping at last: The Spring, Her Joy Was Complete & Almost Idyllic
Philter: Miyazaki Mountain, Dance of the Fireflies & Dance of the Fireflies
Instrumental Wedding Music Zone: Romantics Light
Musikk som kan forsterke kjensle av sjalusi:
Vio Beats: Toxic – Instrumental
Kråkesølv: Sjalusien Som Driv Dæ
Karoke Pro: You Don´t Own Me
Cardo Grandz: Everything I Wanted – Instrumental
Musikk som kan forsterke kjensle av mismod:
Jorge Méndez: Cold
Stephan Moccio: Lumière
Charles Weathersby: Longing For Yesterday
Thomas Newman: American Beauty
Musikk som kan forsterke kjensle av nyfikne:
Philter: Adventure Time
Raymond Lefèvre: Jo (version disque)
Tinlicker & Robert Miles: Children – Edit Mix
Musikk som kan forsterke kjensle av omsorg eller empati:
Epic Score: This Is Our Land
Thomas Bergersen: Always Mine
Dustin O´Halloran: Arrivals N2
Audiomachine: Above and Beyond, Equinox & Tree of Life
Framgangsmåte
Set deg godt til rette og ver klar til å måle eit fargeuttrykk med utgangspunkt i eit stikkord. Stikkordet har noko med ei kjensle å gjere. Ved kvar kjensle blir det sett på musikk i rommet. Innleving er viktig.
Når du får høyre stikkordet, skal du prøve å måle det første du tenkjer på. Du skal ikkje måle noko figurativt. Bruk fargar, linjer og former som kjensla og musikken får deg til å tenkje på. Ikkje sjå på arbeidet til naboen din. Det er berre du som veit svaret på denne oppgåva.
Når de målar desse bileta, er det viktig med stille konsentrasjon i rommet. Bruk 10-15 minutt på kvart stikkord.
Utstilling
Etterpå monterer de alle "mini-måleria" og heng dei samla på veggen. Grupper dei ulike kjenslene. Resultatet kan bli som eit smykke på vaggen.
Diskuter:
Er det nokre fellestrekk i val av former og fargar til dei ulike kjenslene de fekk?
Korleis opplevde de å jobbe med fargar på denne måten?
Korleis kan du bruke denne erfaringa i det framtidige yrket ditt?