Hopp til innhald
Fagartikkel

FLOF – form, linje, overflate og farge

FLOF er eit verktøy du kan bruke når du skal gjere ein analyse av ein blomster eller eit blomsterarbeid. Dei fire bokstavane står for form, linje, overflate og farge. Når du analyserer, beskriv du kjenneteikn på blomstrane og kontrastar mellom dei ulike elementa i eit arbeid.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Analyse av ein blomster

Du bruker verktøyet FLOF for å beskrive form, overflate, linje og farge på ein systematisk måte. Blomsteren Craspedia Globosa (solball, gullball) er rund med ei klar ytre lukka form. Stilken dannar ei rett og tynn linje. Overflata er matt, mjuk og samtidig ru. Fargen gul er ein lys, sterk og varm farge.

Analyse av eit blomsterarbeid

I formal stilform bruker du store kontrastar, og det kan vere nyttig å ta i bruk verktøyet FLOF for å beskrive form-, linje-, overflate- og fargekontrastar. Vi bruker kontrastar for å skape spenning i arbeidet og for å framheve dei dominerande elementa.

Form

I arbeidet over er det dei runde formene med klar ytre form som dominerer. Dei står i kontrast til dei opne og meir spisse formene i blada.

Linje

Stilkane i blomstrane dannar rette, tynne og vertikale linjer. Dei står i kontrast til linjene i graset som er svinga i ein horisontal retning. Dei krokete greinene som er brukte, skaper ein tjukk mot tynn-kontrast, og er ein kontrast til dei rette linjene.

Overflate

Overflata i blomsteren er matt og mjuk, samtidig som dei små formene som står tett i tett på overflata, skaper ei ru eller knudrete overflate. I både blada og graset i arbeidet ser vi glatte overflater som skaper kontrast til det mjuke og matte. Greinene skaper ein hard mot mjuk-kontrast.

Farge

Den gule fargen er varm, lys og sterk. Materiala i arbeidet elles har kalde fargar og skaper kontrast til den varmare fargen i blomsteren. Dei kvite steinane er lyse og dannar ein lys mot mørk-kontrast. Den gule fargen er sterk mot dei meir dempa fargane i potte, steinar og greiner.

Kontrastar

Kontrast betyr motsetning eller motstykke. Du kan bruke små variasjonar for å skape ein harmonisk heilskap, eller store kontrastar for å skape meir spenning. Det vil variere kor mykje du bruker kontrastar som verkemiddel, alt etter kva stilform du jobbar med. Det er til dømes små kontrastar i den klassiske stilforma, og store kontrastar i formal stilform.

Form

  • rund mot spiss
  • liten mot stor
  • open mot lukka
  • klar mot uklar
  • transparent mot opak

Linje

  • tynn mot tjukk
  • rett mot svinga, kroka eller knekt
  • horisontal, vertikal og diagonal

Overflate

  • ru mot glatt
  • matt mot blank
  • mjuk mot hard
  • grov mot fin

Farge

  • sterk mot svak
  • varm mot kald
  • metta eller djup mot dempa
  • lys mot mørk