Hopp til innhald

Verktøy og mal

Dokumentasjon i frisørfaget

På vegen til å bli frisør vil du få fleire praktiske oppdrag, der du òg blir beden om å dokumentere arbeidsprosessen din. Dette kan hjelpe deg til å sjå samanhengar mellom teori og praksis. Her er eit forslag til kva ein dokumentasjon av praktiske oppgåver i frisørfaget bør innehalde.

Frisørlærling jobbar med håret til ein kunde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Tenk over og diskuter:

Ein ferdig utdanna frisør skaper mange ulike frisyrar på oppdrag frå kundar, men skriv som regel ingen dokumentasjon av arbeidsprosessen. Kvifor er det ein viktig del av utdanninga å lære å dokumentere eigen arbeidsprosess?

Verktøy for læring

I utdanninga for å bli frisør vil du få fleire praktiske arbeidsoppdrag. Du skal lære å dokumentere prosessen frå idé til ferdig produkt. Etter to år som lærling skal du ta sveineprøva. Prøva vil bestå av praktisk arbeid og dokumentasjon der du beskriv arbeidsprosessen din. Dette er noko du må øve på. Dokumentasjon er òg eit godt verktøy for å kunne sjå tilbake på utviklinga di.

Illustrasjon av fasane i designprosessen. Idéutvikling, planlegging, produksjon, vurdering og læring.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fagspråk er eit viktig verktøy i arbeidskvardagen. Du lærer faguttrykk ved å skrive og ved å knyte omgrepa saman med det praktiske arbeidet ditt.

Bruk av bilete og bilettekst

Frisørfaget er eit visuelt og estetisk fag. Dette bør dokumentasjonsarbeidet spegle. Lær deg å ta mange bilete undervegs i prosessen, og la dokumentasjonen din få eit fint samspel mellom tekst og bilete. Skap ein ryddig struktur ved å gi bileta same storleik dersom dei skal stå saman eller under kvarandre.

Ein bilettekst kan vise kvifor eit bilete er relevant for det du skriv. Du kan òg vise til biletet i teksten din.

Når du skal leggje inn ein bilettekst i eit Word-dokument, dobbeltklikkar du på biletet og vel «Referanser» og deretter «Sett inn bildetekst». Då kjem det opp eit vindauge med eit inntastingsfelt der det står «Figur» med eit nummer bak. Her kan du skrive inn tekst som passar til biletet og teksten din elles.

Kva bør dokumentasjon av frisyrar innehalde?

Framside

Framsida skaper eit førsteinntrykk av arbeidet ditt. Sida skal spegle innhaldet i dokumentasjonen og gi lesaren lyst til å lese vidare. Ei framside skal innehalde

  • ei overskrift – oppgåvetittel, namn og klasse
  • ein illustrasjon som har samanheng med temaet
  • bevisst bruk av komposisjon/layout
Formelle krav

Av og til kan du få gitt opp ein standard for formatet. Det kan til dømes vere:

  • Skrift: Times New Roman
  • Linjeavstand: 1,5. Det er lettare å lese ein tekst med litt avstand mellom linjene.
  • Skriftstorleik: 12 når du skriv ein tekst.
    Til overskrifter kan du bruke skriftstorleik 14. Formater gjerne overskriftene automatisk. I Word bruker du då funksjonen «Stiler», som du finn i «Hjem»-menyen.
  • Overskrifter kan ha ein annan farge om du ønskjer det.
    Det får dei automatisk dersom du formaterer dei med «Stiler».

Innhaldsliste

Ha med ei tydeleg oversikt over innhaldet i dokumentasjonen – med sidetal.

Innleiing

Presenter oppgåva, og skriv kva lesaren kan forvente å lese om i dokumentasjonen din. Beskriv oppdraget ditt. Kva er behovet til kunden, og kva rammer har du fått?

1. Idéutvikling

Moodboard

Eit moodboard er eit verktøy som kan formidle ein idé til ein kunde. Kunden skal få eit bilete av kva slags frisyre han eller ho vil få.

Det er ingen fasit for korleis eit moodboard skal vere, men hugs at elementa du set saman, skal fortelje om ideen din. Du kan bruke bilete som viser stemninga, stilen eller utrykket du planlegg i frisyren. Det kan vere foto som viser kva du blir inspirert av, eller ein presentasjon av produkta du vil bruke. Tenk på komposisjonen når du plasserer bileta.

Skisser

Skissene skal vise idéutviklinga di. Bruk relevante verktøy som blyant, fargeblyantar og linjal. Presenter ideane saman med faglege kommentarar.

2. Planlegging

Arbeidsteikning og arbeidsbeskriving

Arbeidsteikninga og arbeidsbeskriving skal vise korleis du planlegg arbeidet ditt. Teikninga må vere tydeleg og nøyaktig. Vis at du forstår korleis du kan bruke teori i praksis, og bruk faguttrykk i skildringa.

Sjå eit døme på ei arbeidsteikning med arbeidsbeskriving laga av Renate Lerstad (PDF), henta frå nettsidene til Norske frisør- og velværebedrifter (NFVB).

Eventuelle fargeforslag

Om det er ei fargebehandling du skal dokumentere, så vis fargedøme frå planlegging og utprøvingar. Forklar korleis du har brukt fargelære i fargedøma.

3. Produktutvikling og produksjon

Vis arbeidsprosessen din gjennom bilete, og forklar kva du har gjort. Bruk faguttrykk og knyt teori til det praktiske arbeidet ditt. Presenter det ferdige produktet ditt med foto.

Dame med kort hår og solbriller. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

4. Eigenvurdering

Reflekter over arbeidet ditt og utviklinga di gjennom prosessen. Aktuelle spørsmål kan vere:

  • Korleis har du brukt teorien?
  • Gjekk arbeidet etter planen?
  • Måtte du gjere endringar undervegs?
  • Kva forbetringar ville du gjort om du skulle gjere oppdraget på nytt?

Bruk vurderingskriterium til å vurdere arbeidsprosessen din og produktet ditt.

5. Læring

Kva har du lært gjennom oppdraget? Det kan til dømes vere noko frå teorien eller ein teknikk du har fått til betre enn førre gong du jobba med han.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Anita Nordtveit Ekrene, Inger Gilje Sporaland og Gøril Vorland.
Sist fagleg oppdatert 25.06.2020

Læringsressursar

Dokumentasjon og presentasjon