Hopp til innhald

Fagstoff

Presentasjonsteknikk

Måten du presenterer produkt og tenester på, må naturlegvis passe til faget det gjeld. Men generelt kan vi seie at presentasjonsteknikken betyr mykje for mottakinga. Hugs at øving gjer meister!

Mappe

Dersom du skal presentere produkta dine for potensielle forhandlarar, er ein mykje brukt metode å lage ei salsmappe eller portfolie. Her kan du leggje eksempel på dei beste tinga du har laga. Arbeid med utforminga av mappa og planlegg rekkefølgja av produkta. Dette er ei slags "skrytemappe" for deg sjølv, så ikkje ver redd for å leggje opp presentasjonen personleg.

To personar blar i ei mappe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Demonstrasjon

For nokre produkt er det ikkje tilstrekkeleg å vise fram bilet. Ofte vil ein demonstrasjon av korleis produktet fungerer i praksis vere det beste for å overtyde ein potensiell forhandlar eller kunde. Ikkje la deg skremme av teknikken til profesjonelle seljarar. Finn din eigen stil som du er trygg på, og ikkje ver redd for å sleppe til publikum med spørsmål og kommentarar.

Ei spesiell form for demonstrasjon kan vere ei vising, der fleire kan gå saman om å presentere produkta sine. Mest kjend er nok catwalken frå dei store moteoppvisingane.

Modellar viser fram ein kleskolleksjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstilling

Kanskje får de høve til å presentere produkta dykkar på ei messe eller i eit anna utstillingslokale. Då må de ta i bruk alt de har lært om eksponeringsdesign. Jobb med å finne riktig fargekombinasjon og korrekt lyssetjing. Kanskje kan de også eksperimentere med nokre diskrete lydeffektar? Bruk gjerne enkle og tydelege plakatar som fortel om kvalitetane til produkta.

Haustutstilling 2018. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Foredrag

Som for så mykje anna ligg nøkkelen til eit godt foredrag ofte i førebuingane. Strukturer foredraget godt, slik at du veit kor lang tid du kjem til å bruke. Bruker du lengre tid enn avtalt, blir gjerne folk utolmodige.

Dersom du ikkje får ein introduksjon av møteleiaren, skal du ikkje vere redd for å presentere deg. Folk vil gjerne vite kven du er. Skap nyfikne, merksemd og interesse gjennom å vise at du har kunnskap om det emnet du skal snakke om. Ha stor tru på det du skal "selje" – anten det er eit produkt eller ein bodskap.

Dersom ikkje forsamlinga er for stor, er det ein fordel å få tilhøyrarane i tale, men ikkje i den grad at du ikkje får presentert det du vil. Bruk gjerne ord og uttrykk som er vanlege blant tilhøyrarane, slik at dei kjenner seg igjen i stoffet.

Kvinneleg foredragshaldar. Foto.

Hugs at kroppsspråk også kommuniserer, så ikkje overdriv gestikulering. Prøv å unngå å fikle med noko, bite negler eller tyggje tyggjegummi. Undersøk gjerne kleskoden i forsamlinga litt på førehand, og prøv å matche den.

Digitale presentasjonar

Når det gjeld digitale presentasjonar, er det i dag nesten umogleg å halde eit foredrag utan å bruke ein serie lysbilete i tillegg. Her er mykje opp til deg om kor profesjonelt du vil lage lysbiletshowet. Vi nøyer oss med eitt godt råd: Ikkje lag ein presentasjon som er identisk med det du skal seie, slik at du nærmast blir ståande og lese opp det tilhøyrarane ser på lerretet eller skjermen. La lysbiletserien illustrere og utfylle det du seier, gjerne med nokre humoristiske teikningar, bilete eller videoar.

Tre personar diskuterer eit bilete på ein PC-skjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SARettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019

Læringsressursar

Dokumentasjon og presentasjon