Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Utstilling

De kan få i oppdrag å lage ei utstilling i ein butikk, eller de kan jobbe med å stille ut elevarbeid eller lånte produkt på skulen.
Haustutstilling 2018. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve:

Finn fram eitt eller fleire produkt de vil stille ut, og lag ei utstilling der produkta kjem tydeleg fram. Når de lagar ei utstilling, må de tenkje på verkemiddel i komposisjonen og kva målgruppe de vil nå.

  • De kan jobbe på ulike nivå.
  • Hugs å tenkje på bakgrunnen. Det er viktig at den ikkje tek merksemda frå produkta.
  • Ver medviten om kva farge og tekstur de vel på underlaget.
  • Bruk gjerne ei lyskjelde til å framheve produkta.

Vurdering av:

  • heilskap
  • bruk av ulike verkemiddel i komposisjonen
  • framstillinga av produkta som skal vere i fokus
  • korleis de har teke omsyn til målgruppa

I filmen under kan de sjå korleis fargar og element blir gjentekne i ei utstilling for å danne heilskap.

Relatert innhald

Når ein er marknadsorientert, må ein tenkje målgruppe. Det finst ikkje noka bedrift i verda som tilbyr alle kundane akkurat det kvar og ein ønskjer.

CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2019

Læringsressursar

Dokumentasjon og presentasjon