Øving
Rettlei kvarandre undervegs i prosessen
Iblant er det lurt å stoppe opp og oppsummere kor langt de har komme med eit prosjekt, før de planlegg det vidare arbeidet. Øv dykk på å presentere prosjekt for kvarandre.
Gå saman to og to. Den eine fortel om prosjektet sitt, og den andre stiller spørsmål og kjem med innspel. Etterpå byter de roller.
- Fortel om tankane dine rundt prosjektet ditt. Vis gjerne bilete som inspirerer deg.
- Vis skissene dine og forklar arbeidsteikninga di. Grunngi kvifor du har valt å gå vidare med denne ideen.
- Forklar med faguttrykk kva du har gjort så langt.
- Fortel kva du planlegg å gjere vidare.
- Oppsummer kva du synest om prosjektet ditt så langt.
Relatert innhald
Fagstoff
Fagsamtalar i prosjektØv på å fortelje om prosjekta og arbeidsprosessane dine. Fagsamtalar er eit godt verktøy til rettleiing, eigenvurdering og refleksjon over eiga læring.