Arbeidsteikning til ulike klippeformer
Her oppsummerer vi kjenneteikna på dei ulike klippeformene, saman med ei arbeidsteikning. Strukturteikning viser hårlengdene når håret blir trekt 90° frå hovudforma. Hårspissane dannar då ei formlinje som viser klippeforma.
Heil form
Heil form er ei klippeform der det indre området er lengst, og det ytre området er kortast.
- Projeksjonen er 0 grader.
- Designlinja kan vere horisontal, diagonal framover, diagonal
bakover, konkav og konveks. - Teksturen er ikkje-aktiv, men aktiv ved krøllar.
Gradering
Gradering er ei klippeform der det indre området er lengst, og det ytre området er kortast.
- Projeksjonen er 1–89 grader.
- Designlinja kan vere valfri.
- Teksturen er aktiv.
Like lengder
Like lengder er ei klippeform der det indre området og det ytre området er like langt.
- Projeksjonen er 90 grader.
- Designlinja kan vere valfri.
- Teksturen er aktiv.
Aukande lengder
Aukande lengder er ei klippeform der det indre området er kortast, og det ytre området er lengst.
- Projeksjonen er 91–180 grader.
- Designlinjene kan vere konkave, konvekse og diagonale.
- Teksturen er aktiv.
Relatert innhald
Vi treng fagterminologi for å vere profesjonelle arbeidsutøvarar og for ha ei felles forståing. Her skal vi sjå på bruk av linjer i frisørfag.
Projeksjonsvinkelen er den vinkelen håret blir halde i forhold til det naturlege fallet. Distribusjon er korleis vi held håret i forhold til delelinja.