Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Innrei eit rom ved hjelp av tracing-teknikk

Tenk deg at du blir spurd om å hjelpe ein kunde med innreiingstips. Du får eit bilete av eit tomt rom, og kunden spør om du kan lage nokre raske skisser med forslag til korleis dei kan hengje opp bilete og plassere møblar, lys og planter. Då kan tracing-teknikk vere ei god løysing.
Tomt rom med vindauge og glasdør. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

  • foto av rommet du skal lage innreiingsforslag til

  • kalkerpapir er eit delvis gjennomsiktig teiknepapir. Det kan leggjast over eit motiv du vil kopiere linje for linje.

  • teikneblyant, viskelêr, fargeblyantar og tusj

Tracing med foto som utgangspunkt

Med foto som utgangspunkt kan du leggje kalkerpapir over biletet og teikne inn alle linjer du ser. Bruk blyant slik at du kan viske bort linjer som kjem i vegen for møblar og interiørobjekt du vil bruke i rommet.

Skisse av kjøkeninnreiing. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du har fått opp rommet, teiknar du inn møblar og anna som kan passe. Lag så god skisse du klarer, og legg til element som kan få rommet til å sjå finare ut. Fargelegg med fargeblyant eller tusj som er berekna for kalkerpapir.

Oppgåve

  1. Finn eit rom eller miljø som har potensiale. Det kan vere kva som helst rom eller miljø. Du kan velje eit rom heime som du fotograferer, eit rom du finn på nettet eller i eit magasin, eller eit miljø frå ein møbelbutikk.

  2. Bruk kalkerpapir (gjennomsiktige ark) og lag ei skisse for hand av rommet eller miljøet ditt.

  3. Lag så fin skisse du klarer, bruk linjal dersom du vil ha eit stramt uttrykk, eller handteikna strek dersom du vil ha eit meir skisseaktig preg.

  4. Tenk deg til korleis rommet skal sjå ut når det er ferdig, og teikn opp det som trengst for å få det slik du har tenkt. Bruk magasin eller nettsider for å finne det du vil innreie med. Pass på at storleikane ser naturlege ut i rommet.

  5. Fargelegg med fargeblyant eller tusj.

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2021

Læringsressursar

Teikning