Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Aktiv lesing av ei novelle: Les, stopp og diskuter!

Vanlegvis les vi ein tekst i eitt. No skal du prøve å lese novella "Aldri mer Willy" av Jonny Halberg etappevis. Målet er å lese aktivt, noko som kan auke både nyfikna og leseforståinga di. Novella handlar om ein overraskande helt.

Del 1: Før lesinga

No skal du lese to sentrale sitat frå novella "Aldri mer Willy". Etterpå skal du skrive ned forventningane du har til novella etter å ha lese sitata.

Sitat 1: "Vi var venner, på den måten at vi snakket med hverandre, men ikke om noe som virkelig handlet om oss selv."

Sitat 2: "Det blei enda verre av at Willy satt ved siden av meg og sa at han bare gjorde det Røde Kors hadde lært ham. Det han hadde gjort, var en dåd, for faen. Jeg hatet ham for det."

(Halberg, 2016)

Skriv ned:

  • Kva trur du novella kjem til å handle om?

  • Kvifor trur du novella har fått tittelen "Aldri mer Willy"?

  • Korleis trur du eg-personen i novella er?

  • Korleis trur du forholdet mellom eg-personen og Willy kjem til å utvikle seg i løpet av novella?

Diskuter i plenum:

Kva har de skrive på dei ulike spørsmåla? Diskuter og grunngi kvifor de svarte som de gjorde.

Del 2: Aktiv lesing av novella

Sitt i grupper. No skal de lese novella etappevis. Under finn de novella delt opp i seks delar. Etter kvar del følgjer refleksjonsspørsmål de skal diskutere.

De kan lese høgt for kvarandre i gruppa, eller høyre forfattaren sjølv lese novella i NRK: Jonny Halberg les (nrk.no).

Del 3: Tolk novella

Skriv åleine:

  • Formuler det du meiner er temaet i novella i to–tre setningar. Grunngi ved å vise til sitat eller døme frå teksten.

  • Karakteriser hovudpersonen og Willy. Kva eigenskapar har dei? Korleis er posisjonen deira blant andre jamaldringar?

  • Kvifor trur du forfattaren vel å avslutte novella på den måten han gjer?

Diskuter i plenum:

Diskuter tema, personkarakteristikk og avslutninga på novella i klassen.

Del 4: I djupna av novella

  1. I del 1 blir faren karakterisert gjennom ytre personskildring, replikkane sine og eg-personens tankar om han. Forklar kva sitat som bidreg til å karakterisere faren.

  2. Kva miljøskildringar finn du i del 1 og del 2? Forklar korleis desse bidreg til å skape ei stemning i novella.
  3. Samanlikn eg-personens tankar om Willy i del 2 med skildringa av korleis Willy reagerer på ulykkesstaden i del 4. Kva funksjon har denne kontrasten i novella?
  4. Kort tid etter ulykka kjenner hovudpersonen på eit hat for Willy. Han tenkjer "Det han hadde gjort, var en dåd, for faen. Jeg hatet ham for det. Og jeg hatet ham for at han ikke ville ta imot rosen han fikk." Kvifor trur du desse kjenslene kjem?
  5. Nærles samtalen mellom Willy, eg-personen og faren i del 5. Peik på replikkar og ytre personskildring av Willy som kan hjelpe deg til å forstå kvifor Willy gjer eg-personen til ein helt.

Del 5. Ein norrøn helt?

Les artikkelen "Maskulin ære i norrøn tid" og svar på spørsmåla under.

  1. Kva eigenskapar har Willy som kunne gitt han merkelappen "ein norrøn heilt"?

  2. Kva slags ettermæle ville nedskrivarane av ættesagaene gitt eg-personen? Grunngi ved å vise til sitat frå fagartikkelen og novella.

  3. Kva rolle meiner de omgrepa "ære" og "skam" kan spele i novella til Jonny Halberg?


Relatert innhald

Kjelde

Halberg, J. (2016). Like nord for kirka. Kolon Forlag.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2021

Læringsressursar

Skam og ære