Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ærens mark av Arnulf Øverland

Hovudpersonen i novella "Ærens mark" av Arnulf Øverland er tysk soldat i første verdskrigen. Han tek eit val på slagmarka som han hevdar å ha gløymd. Men har han eigentleg det?
Irske soldatar frå Royal Irish Rifles i ei skyttargrav den første dagen i slaget ved Somme i 1916. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Kva veit de om første verdskrigen?

Novella har handling frå første verdskrigen. Kva veit de om denne krigen? Diskuter i grupper:

  • Kva land kjempa mot kvarandre i krigen?

  • Kvifor blir første verdskrigen kalla ein "skyttargravskrig"?

  • Kvifor blir generasjonen som kjempa i krigen kalla "Den tapte generasjonen"?


Del 2: Les novella "Ærens mark"

Les novella "Ærens mark" (1923) av Arnulf Øverland.

Relatert innhald

Novelle som skildrar møtet mellom to soldatar i skyttargravene under første verdskrigen.

Jobb aleine

  1. Kva meiner du er temaet i novella? Prøv å formulere det med berre eitt ord.

  2. Finn to sitat du synest viser det som er temaet i novella.

Samanlikn med medelevar

  1. Samanlikn med andre i klassen. Kva ord skreiv de? Og kva sitat valde de ut?

Jobb aleine igjen

  1. Les ned til ”og vi måtte dø eller drepe” på den første sida i novella. Kva kan du seie om eg-forteljaren i novella? Korleis framstiller han seg sjølv og minna sine?

  2. Korleis blir livet framstilt i skyttargravene i novella? Og forholdet soldatane i mellom?

  3. Kvifor trur du møtet med Gaston gjer så stort inntrykk på eg-forteljaren?

  4. Les den siste sida grundig. Korleis unnskyldar eg-personen at han drep Gaston?

  5. Meiner du eg-personen har noko val i den situasjonen han er i?

  • Kunne han late vere å drepe Gaston?

  • Tek Gaston eit val idet han møter hovudpersonen på slagmarka? Grunngi ved å vise til eit sitat.

  • Har han ansvar for krigen sin råskap, eller er han ein uskyldig soldat?

Diskuter i plenum

  1. Diskuter spørsmåla over i plenum. Legg særleg vekt på det siste spørsmålet.

  2. I dialogen mellom hovudpersonen og Gaston er det ein replikk som viser det som kanskje er forfattaren sitt syn på om hovudpersonen er skyldig eller ikkje. Klarer de å finne det?

  3. Kva hadde de gjort om de var i hovudpersonen sine sko?

Del 3: Forteljaren i "Ærens mark"

En mann med turban og skjegg får vaska hendene sine av en tjener. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er mange teikn på at forteljaren i novella er upåliteleg. Det vil seie at han påstår noko som ikkje er sant, men fleire passasjar i novella hintar om det motsette. Finn passasjar i teksten som viser dette. Tips:

  • Blod (Kven i historia er kjend for å ha vaska hendene sine som eit teikn på uskyld?)

  • Gjentakande påstandar som kanskje ikkje er sanne?

  • "Jeg husker ingen" – men korleis blir sjølve drapsaugneblinken skildra?

Del 4: Komposisjonen i "Ærens mark"

  1. Les artikkelen om komposisjon i episke tekstar (under).

  2. Medan du skriv, skal du skrive ned alle orda som står i parentes i artikkelen.

  3. Kva for nokre av desse fagomgrepa meiner du er relevante å bruke på "Ærens mark"?

Relatert innhald

Komposisjon handlar om å setje saman delar til ein heilskap. Vi bruker komposisjonsprinsipp for å skape bestemde uttrykk i design, produkt eller arbeid.

Del 5: Skriv om forteljar og komposisjon

Skriv eit avsnitt om korleis den upålitelege forteljaren og komposisjonen får fram temaet i novella. Målet er å vise at novella startar i notid med at forteljaren påstår noko om seg sjølv. Men tilbakeblikka viser at han ikkje er til å stole på. Og det er desse verkemidla som særleg får fram temaet.

I avsnittet skal du bruke desse fagomgrepa:

  • in medias res

  • notidshandling

  • tilbakeblikk

  • frampeik

  • gjentaking

  • høgdepunkt

  • løysing

Du skal òg bruke sitat frå novella for å grunngi påstandane dine.

Tips

  1. Finn to–tre sitat der hovudpersonen seier at han ikkje har problem med drapet. Finn i tillegg to–tre sitat som viser kor mykje han bryr seg.

  2. Bruk denne temasetninga om du synest det er vanskeleg å setje i gang:

  • "Komposisjonen i novella bidreg til at skyldkjensla til forteljaren kjem ytterlegare fram. Det er nemleg ein kontrast mellom…»

Relatert innhald

Omgrepa skam og ære har vore viktige i litteratur gjennom tidene. Her skal du samanlikne tekstar som tek for seg temaet.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Skam og ære